MARITIMT
Myklebust Verft skal bygge spansk trålar
Publisert: 18.03.2016 kl. 16.00 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 16.59
Kleven har inngått kontrakt med spanske Pesquera Ancora S.L.U. om bygging av ein 80 meter lang hekktrålar. Fartøyet er av NVC 374 WP-design frå Rolls-Royce, og skal leverast frå Myklebust Verft i februar 2018.
– Det er svært hyggeleg og veldig viktig at vi no har fått på plass enda ein fiskebåtkontrakt på Myklebust Verft. Kontrakten stadfestar at vi er konkurransedyktige i ein svært tøff konkurransesituasjon internasjonalt, og det at eit spanske reiarlag kjem til Noreg for å bygge fiskebåt er i seg sjølv oppsiktsvekkande, seier konsernsjef Ståle Rasmussen.
Myklebust Verft har med dette fire nybygg av samme Rolls-Royce-design i ordreboka; to til DFFU i Tyskland, eit til CDP Saint-Malo & Euronor i Frankrike, og no altså eit til Pesquera Ancora i Spania. I tillegg har verftet to brønnbåtar til Sølvtrans, ein pelagisk trålar/snurpar til danske Gitte Henning og eit konstruksjonsskip til Volstad i ordreboka.
Hekktrålaren får isklasse ICE 1A*, og driftseffektivitet, lave utslepp og komfort og sikkerheit for mannskapet har vore viktige kriterier i utviklinga av fartøyet.
Relaterte artikler
-
Myklebust bygg fiskebåt for fransk reiarlag
9 år siden -
Kleven skal bygge to trålarar
9 år siden -
Prestfjord levert fra Myklebust Verft
12 år siden -
Havyard MMC med stor ordre til Gitte Henning
9 år siden