MARITIMT
- No er det kysten sin tur
Publisert: 08.03.2024 kl. 10.54
Riksantikvaren har sendt forslag til bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø på høyring. Strategien skal være eit verktøy for å nå nasjonale mål på kulturmiljøfeltet.
– Kulturminne og kulturmiljø langs kysten er blant våre viktigaste norske identitetsmarkørar, seier Linda Veiby avdelingsdirektør i samfunnsavdelinga. No er det kysten sin tur til å bli løfta fram!
Høyringsfristen er satt til den 2. mai 2024. Bevaringsstrategien for kystens kulturmiljø skal bidra til å finne gode, langsiktige løysingar for bevaring og berekraftig bruk og forvalting.
– Vi ønskjer sjølvsagt så mange innspel som mogleg, seier Veiby. - Det er fleire omsyn som skal takast i utforminga av ein slik strategi, og alt frå frivillige lag og foreiningar til privatpersonar, næring og reiseliv vil vi ha stor nytte av å høyre frå.
HISTORIA OM NOREG
Kystens historie, kulturmiljø og kulturminne var i mange år underkommunisert og lite vektlagt i kulturmiljøforvaltinga. Det var i første rekke bondens historie som var viktig i nasjonsbygginga. Dette har i stor grad endra seg, og i dag er kystkulturen ein tematikk som engasjerer breitt, blant anna gjennom frivillig innsats i dei mange kystlaga rundt omkring i landet.
Bevaringsstrategien for kystens kulturmiljø skal leie til at eit større mangfald av kulturminne og kulturmiljø langs kysten blir teken vare på, seier Veiby. Kulturarven skal takast i bruk og integrerast i samfunnsutviklinga på ein god måte. Kulturmiljø med berekraftig bruk og forvalting gjev stader auka bulyst, fleire moglegheiter for næringsutvikling og bidreg til god ressursbruk og sirkulærøkonomi.
OPPBYGGING AV STRATEGIEN
Bevaringsstrategiane skal «bidra til å strukturere, samordne og organisere innsatsen slik at dei tre nye nasjonale måla vert nådde, med særleg vekt på målet om å ta vare på eit mangfald av kulturmiljø.» Dette skal mellom anna gjerast ved auka samhandling og medverknad, og ved at verkemidla vert koordinerte og sette i samanheng.
I strategien er det forslag til tre ulike deltema. Dette er prioriterte område innanfor det omfattande kulturhistoriske emnet kystens kulturmiljø. Dette er forslaga til deltema:

- Deltema 1: Sjøvegen, handlar om sjøvegen, eller leia som den viktigaste historiske kommunikasjonsåra langs kysten, og omfattar blant anna kulturmiljø knytt til uthamner, handelsstader og løpsstadar for rute- og lasteskip.
- Deltema 2: Naustet – der vi går i land, handlar om bygningar og konstruksjonar som vart bygde i nærleiken av gardsbruk og annan busetnad for å huse robåtar og utstyr for fiske.
- Deltema 3: Ferie og friluftsliv langs kysten, handlar om bruken av kysten til ferie og fritid. Etter at ferie vart innført på 1920-30-talet var fritid noko som skulle fyllast med aktivitet. Det omfattar fritidsbygnad, fritidsbåtar, ferieheim og feriekoloniar, sjøbad, hotell og pensjonat.
Relaterte artikler
-
Én million til kystkultur i Agder
11 måneder siden -
Kystkulturkonferansen 2011 i Trondheim
13 år siden -
Bygger landets første arktiske tørrdokk
4 år siden -
Kontrakt på to taretrålere
6 år siden -
Avklaring om kystruta til påske
6 år siden -
STX blir til VARD
11 år siden