MARITIMT
Nok ein båt til havvindmarkedet frå Mare Safety
Det er gode tider for Mare Safety, med stor aktivitet og full produksjon i lokala på Osnes i Ulsteinvik. I desse dagar har ein ny arbeidsbåt av typen DC12WM blitt ferdigstilt, klar for overlevering til havvindmarknaden.
- Ja, dette er veldig kjekt for oss, seier Torstein Teigene, salssjef i Mare Safety.
- Arbeidsbåten er den andre i rekka, som vi på vegne av Rem Wind leverer til skipsverftet Vard Vung Tau i Vietnam. Båten skal installerast på eit av Rem sine nye konstruksjonsstøttefartøy der (CSOV) i løpet av våren 2024.
Desse skipa blir bygde for å støtte konstruksjon og vedlikehald av havvindmølleparkar, og Mare Safety er svært stolte av å igjen kunne levere eit av sine kvalitetsprodukt til dette formålet. Teigene har berre lovord å kome med om båten som no er overlevert.
– Mare DC12WM er ein spesialbåt tilpassa transport av mannskap og utstyr mellom CSOV og vindmøllturbinar. Båten blir mellom anna levert med eit komplekst eksosreinsesystem, som gjer at den oppfyller dei strenge utsleppskrava EU no har pålagt skipsindustrien (Tier III).
KONKURRANSEDYKTIG OG KVALITETSIKKER BÅT
Det er J. Weiberg Gulliksen i Ålesund som har utvikla reinsesystemet, i tett samarbeid med Mare.
- Ja, dette er vi særs stolte over å ha fått til, seier dagleg leiar, Are Garshol. Systemet fantes ikkje på marknaden frå før, så då måtte vi designe det sjølve. JW Gulliksen er vår solide samarbeidspartnar over fleire år. Dei kjenner oss godt, og då behovet og kravet frå EU meldte seg, var dei snare til å utvikle ein prototype vi kunne bruke.
Harald W Gulliksen, salssjef i firmaet, er også veldig fornøgd med oppdraget.
– No har vi levert reinsesystemet til to av Mare sine DC12WM båtar, og heile prosjektet og implementeringa har gått smertefritt. Faktisk er vi den einaste leverandøren som kan levere dette systemet, og vi er glade for at vi har klart å tilfredsstille kunden sitt behov, slik at dei igjen kan levere ein konkurransedyktig og kvalitetssikker båt.
- Her er det også viktig å nemne at denne arbeidsbåten er fullspekka med spesialutstyr, som gjer den enda betre rusta i havvindsegmentet, skyt Teigene inn.
- Blant anna har vi installert eit vaskesystem for vindmøllefundament, samt ein gyrostabilisator for å halde båten stabil under dei verste forhold. Dermed har båten ein større fleksibilitet og kan operere i dei fleste vêrutsette områda.
DEN MARITIME KLYNGA SKAPAR INNOVASJON
Han er tydleg på at Mare Safety dei siste åra har jobba målretta mot å bli den føretrekte leverandøren av spesialbåtar til vindmarknaden. Denne bransjen stiller ekstraordinære krav til ytelse og haldbarheit, og Torstein meiner at spesielt modellen Mare DC12WM tilfredsstiller og utmerkar seg som eit kvalitetsprodukt her.
– Gjennom konstruktive tilbakemeldingar frå kundane våre har vi etterkvart skapt eit produkt som stiller i særklasse i dette segmentet. Det er gledeleg å sjå at arbeidet vi har lagt ned gir resultat, og at denne kontrakten med Vard, saman med andre leveransar innanfor dette segment, stadfestar Mare Safety sin anerkjente posisjon som leverandør av arbeidsbåtar til havvind, poengterer Torstein.
- Ja, vi er heldige som har den framoverlente gjengen i Rem Wind med på laget. Dei kjem med ønske om eit produkt som ikkje eksisterer, og utfordrar oss på krav som ligg høgare enn det våre konkurrentar innfrir. Det likar vi. For dette gjer oss til ein attraktiv leverandør i marknaden, seier Garshol.
- Denne båten er eit prakteksempel på kva «den maritime klynga på Sunnmøre» faktisk er. Samspelet vi har med dei dyktige folka i Rem Wind som kunde, løysningsorienterte Gulliksen som underleverandør, og oss som innovative båtbyggjarar, er nettopp det som skapar innovasjon, seier Torstein Teigene.
Relaterte artikler
-
Maritime Partner skal lever til Norwind
2 år siden -
331 millioner til innovativt havvindprosjekt
4 måneder siden -
Edda Goelo – klargjort for nullutslipp
6 måneder siden -
Ocean Charger – en suksess
7 måneder siden -
Leverer skipssett til IWS Fleet
8 måneder siden