MARITIMT
Nor Lines bestiller Rolls-Royce design
Publisert: 03.10.2011 kl. 11.07 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.01
Rolls-Royce har signert kontrakt på levering av design og utstyr til to nye godsfartøy for Nor Lines AS, med opsjon på to til. Fartøya er utforma etter Rolls-Royce sitt ”Environship”-konsept, som vann den prestisjefylte ”Next Generation Ship Award” under Nor-Shipping tidlegare i år, og det er den første kontrakten signert på dette konseptet.
– Environship set ein ny standard innan marknaden for handelsfartøy ved å tilby signifikant reduksjon i utslepp samt ein betra yteevne i sjøgang. Konseptet kombinerar Rolls-Royce gassmotorar med vårt integrerte ror- og propellsystem, Promas, og med desse elementa innlemma i vårt innovative skrogdesign kan CO2 utsleppa bli reduserte med meir enn 40 prosent, seier Oddbjørn Eliassen, Rolls-Royce President - Merchant.
– Vi har hatt eit fruktbart samarbeid med Rolls-Royce under utviklinga av desse skreddersydde fartøya, med fokus på energisparing og minimale utslepp. Nor Lines, og eigaren vår DSD AS, har ei sterk tru på at naturgass er framtidas drivstoff, spesielt innan kystnær transport, seier Toralf Ekrheim, Administrerande Direktør i Nor Lines AS.
Dei multifunksjonelle fartøya skal blant anna frakte fisk frå Nord-Norge til Europa, og returnere med grønsaker til Norge. Dei er utstyrte med kjøle- og fryserom på mellomdekk, medan hoveddekk er optimisert for rorolast og tørrvarer. Toppdekk er i tillegg til stor lasteflate, utstyrt med garasje i front for å gi beskyttelse av lasten. På dette dekket finn ein containerar, trailerar og stykkgods. Gjennom ein sideport har ein tilgang til alle dekka på ein gong.
– Vi er glade for at vi kan realisere dette konseptet for nordeuropeisk handelsverksemd, og bidreg med dette til å oppnå dei politiske måla om meir miljøvenleg transport til sjøs, samt legge til rette for auka andel av sjøtransport langs norskekysten og til og frå Noreg, seier Ekrheim.
– Denne ordren viser at kundane våre er villige til å endre kurs mot meir miljøvenleg skipsdesign og teknologi, og vi er veldig stolte over å kunne tilby denne totale pakken av utstyr, design og engineering til Nor Lines. Dette er ei viktig kontrakt ikkje berre for Rolls-Royce, men også på tvers av den maritime industrien sidan miljøvennlege fartøy vert ein nøkkelprioritet, seier Eliassen.
Nor Lines skipa skal utstyrast med ein Bergen B-serie gassmotor som kan handtere store og raske lastvariasjonar, og er eigna for mekanisk overføring av kraft til propellane. Effektiv kapasitet i gasstankane er tilsvarande ti dagars operasjon (3500 nm) i marsjfart, med tre dagars reserve i tillegg, noko som er ideelt for ei rute mellom Norge og Nord-Europa. Skipa skal også inneha Hybrid Shaft Generator (HSG) system som generer elektrisk kraft for skipet med redusert drivstofforbruk og utslepp.
Den nye ”wave piercing” baugforma gjer at fartøya får betydeleg betre yteevne i sjøen og mindre risiko for skader på skrogplata i forskipet. I tillegg er denne baugforma enklare å bygge enn konvensjonelle baugar. Wave piercing konseptet kan også brukast på ei rekkje andre typar fartøy, som for eksempel: passasjerfartøy, ropax og roro skip, kjemikalie- og produkttankarar, LNG/LPG tankarar, bulkskip, LNG bunkerfartøy og superyachts.
Fartøya skal byggast ved Tsuji Heavy Industries i Jiangsu, Kina, og skal vere klare til levering i 2013 og 2014.
Kontrakta på dei første to båtane har ein verdi på NOK 135 millionar for Rolls-Royce.
Fakta om Environship
• Rolls-Royce Bergen B-serie gassmotorane slepp ut ca 17 prosent mindre netto drivhusgassar (CO2 minus metanslipp) (per krafteining) enn ein dieselmotor.
• Bruk av gass som drivstoff inneber at nitrogenoksid utsleppa (NOx) vert redusert med om lag 90 prosent, medan svoveloksid utsleppa (SOx) vert ubetydelege og utslepp av partiklar (sot) vert på 3 prosent.
• Desse utsleppa er allereie innan grensene for den framtidige IMO (International Maritime Organisation) Tier III lovgivinga som trer i kraft i 2016.
• Rolls-Royce Promas framdriftssystem er eit integrert ror og propellkonsept, som åleine aukar framdriftskrafta til fartøyet med fem til åtte prosent.
• Den nye baug og skrogforma til Rolls-Royce reduserar motstanden i sjøgang med opptil åtte prosent, og dermed vert drivstofforbruk og utslepp ytterlegare redusert.
• Med det nye baugdesignet treng ein ikkje auke motorkrafta i sjøgang, noko som vil føre til betre komfort for mannskapet, samt mindre skade på last. Den vertikale baugen gjer at ein kan halde farta sjølv i røff sjø noko som gjer det mogleg for mannskapet å halde krevjande tidsrammer utan å måtte ”kjøre hardt” for å gjere opp for tapt tid.
Relaterte artikler
-
Miljøpris til Rolls-Royce
11 år siden -
Gjennombrot for ny teknologi frå Rolls-Royce
13 år siden -
Rolls-Royce design på nye Ramoen
10 år siden -
Kvitbjørn overlevert til Nor Lines
9 år siden -
– Har stortingspolitikerne verktøykassen klar?
11 år siden -
Bergen Group må betale til polsk skrogverft
11 år siden