Ny kontrakt til Myklebust Verft

Publisert: 30.01.2020 kl. 12.51
Nybygget frå Myklebust til Sølvtrans er av Kongsberg NVC 389-design. Ill: Kongsberg Maritime
Nybygget frå Myklebust til Sølvtrans er av Kongsberg NVC 389-design. Ill: Kongsberg Maritime
Myklebust Verft i Sande har inngått sin fjerde brønnbåtkontrakt med Sølvtrans frå Ålesund.

Fartøyet som skal byggast er basert på Kongsberg NVC 389-design, og er av samme designtype som Sølvtrans allereie har under bygging hos Myklebust. Lastekapasiteten er på 4000 kubikk. Skroget skal byggast ved det tyrkiske verftet Hat-San. Levering av nybygget, som er byggenummer 76 frå verftet, blir i oktober 2021.

Kontrakta fører også med seg leveransar frå ei rekkje lokale verksemder, der dei største i omfang er Kongsberg Maritime, MMC First Process og Hareid Group, opplyser veftet i ei pressemelding.

Med denne kontrakta har Myklebust ein ordrereserve på om lag ein milliard kroner innan nybygg og ettermarknad. Verftet har 135 eigne tilsette.

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler