Ny milepæl på Johan Castberg

Publisert: 27.05.2020 kl. 11.58
Det er solide dimensjoner på kjettingen asom veier 800 kilo pr. meter. På bildet kranførar på Island Victory, Nils Ronny Otterlei. Foto: Preben von Schlanbusch.
Det er solide dimensjoner på kjettingen asom veier 800 kilo pr. meter. På bildet kranførar på Island Victory, Nils Ronny Otterlei. Foto: Preben von Schlanbusch.
Enorme dimensjonar er beskrivande for ankersystemet som no skal på plass på oljefeltet Johan Castberg i Barentshavet, og nok ein milepæl er nådd. Eit flytande produksjonsskip (FPSO) skal ankrast opp for å prosessere og lagre olje frå dei 30 brønnane på havbotnen når produksjonen kjem i gang i 2022, og Island Victory har fått jobben med å legge ut ankersystem for produksjonsskipet. 

Dette er eit av dei mest omfattande oppankringsprosjekta globalt i 2020, og Ocean Installer er med heile vegen som samarbeidspartnar og oppdragsgivar, saman med sluttkunden Equinor, skriv Island Offshore i ei pressemelding.

KJEMPER
– Vi har brukt mykje tid på mobilisering i forkant grunna vekt og logistikk på det som vert lasta. Kvart sugeanker veg mellom 90 og 105 tonn, og har ei høgde på mellom 13 og 17 meter. Island Victory tek heile fem slike kjemper om bord på ein gong, fortel kapteinen om bord og held fram:

– I tillegg er vekta på kjettingen vi nyttar 600 kg per meter, og den er 170 mm tjukk. Om ein samanliknar med ei 84 mm kjetting som er meir standard for offshore ankerhandtering, så er ikkje vekta berre det doble, men fire gongar så tung. 

På den fyrste turen til Johan Castberg vart fem anker og fem kjettingliner lasta om bord. Målet er å sette ned to anker per dag, samt sette ankerline på kvart anker. Dei reknar tre turar fram og tilbake til Polarbase for å få lasta på alle ankera, og når alle femten er i botnen så startar installasjonen av wire og toppkjetting som skal leggast på botnen til produksjonsskipet kjem og vert kopla opp.

DOKUMENTERING
– Vår jobb er å førebu alt til produksjonsskipet kjem ril feltet, og i tillegg til å sette alt av anker og liner, så skal også botnforholda dokumenterast. Kvar meter med kjetting vi legg på botnen vert dokumentert på film av to arbeids-ROV’ar (fjernstyrte undervassfarkostar)  opererte av C-Innovation. Desse farkostane er utstyrte med armar, slik at dei kan jobbe i tillegg til å observere det som skjer under havoverflata, og vi nyttar desse i alle operasjonar, forklarar Island Victory-kapteinen.

Som eit forebyggande tiltak i høve COVID-19 har dei gått med mindre besetning enn normalt på denne jobben, for å unngå at folk må dele lugar. 67 mann utgjer operasjonsteamet til Ocean Installer og Equinor saman med mannskapet på fartøyet, og den erfarne kapteinen kan ikkje få rose prosjektteamet nok:

KNIRKEFRITT
– Det er lenge sidan eg har vore med på eit prosjekt som har gått så knirkefritt. Prosjektteamet har samarbeida tett heile vegen; vi er godt førebudde og gjengen om bord er samkøyrde grunna felles trening i simulator på førehand. Stemninga er upåklageleg!

Før Island Victory tok til på Johan Castberg, var dei på oppdrag for same klient og sluttkunde på Askeladd, der dei blant anna sette store manifoldar på havbotnen, samt utførte survey- og subseaarbeid. Dette prosjektet markerte første rekordløftet med offshorekrana på Island Victory, med 175,2 tonn i eitt løft då manifolden vart løfta over skutesida og sett ned på havbotnen. 

Jobben på Johan Castberg skal etter planen vere ferdig i byrjinga av juli, og Island Victory går då rett i førebuingane til neste jobb i Mexicogolfen som tek til i august.

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen