MARITIMT
Ny offshore-kontrakt for Myklebust Verft
Publisert: 21.11.2024 kl. 08.54 | Oppdatert: 21.11.2024 kl. 12.06
Det nye skipet har eit tilpassa design basert på Skipsteknisk sitt ST-245 design, som verftet allereie har under bygging for Rem Offshore. Illustrasjon: Skipsteknisk
Myklebust Verft og Rem Offshore har gjort avtale om bygging av eit IMR-fartøy (Inspection, Maintenance and Repair). Ein slik avtale har mange positive sider ved seg og gir mellom anna lenger ordrehorisont og kontinuitet for verftet. Dette er også historisk den største enkeltkontrakta for Myklebust Verft som vil skape betydeleg aktivitet og ringverknadar i næringslivet regionalt og nasjonalt.
Det nye skipet har eit tilpassa design basert på Skipsteknisk sitt ST-245 design, som verftet allereie har under bygging for Rem Offshore. Skipet vil vidare bli utrusta med stor hangar for avanserte djupvassoperasjonar gjennom moonpol. I tillegg vil skipet mellom anna være utstyrt med ei 250 tonns kran og Dual-Fuel Methanol-motorar i kombinasjon med batteripakkar. Skipet skal leverast i andre kvartal 2027.
ERFARING OG SAMARBEID
Leiv Sindre Muren, CEO ved Myklebust Verft, trekker fram verftets kompetanse og det tette samarbeidet med den maritime klynga på Nordvestlandet som sentrale suksessfaktorar for eit slik prosjekt:
– Vi setter stor pris på tilliten frå Rem Offshore og gleder oss til å kunne levere nok eit avansert skip til reiarlaget. Dette prosjektet dreg nytte av vår erfaring med bygging og konvertering av denne type tonnasje og involvera i tillegg til eigen kompetanse, ei rekkje dyktige leverandørar i nærområdet. Godt samarbeid med involverte aktørar er avgjerande for å lykkast med dette prosjektet.
SIKRA OPPDRAG
Gjennom ein langsiktig avtale mellom Rem Offshore og DeepOcean er skipet sikra oppdrag som inkluderer ein åtteårig vedlikehaldsavtale med Equinor.
– Det er gledeleg for oss å nok ein gong kontrahere med Myklebust. Verftet er godt i gang med bygging av første skip, og vi har tillit til at verftet vil levere høg standard og god kvalitet på eit viktig prosjekt som dette, seier Lars Conradi Andersen, CEO i Rem Offshore.
Det står igjen enkelte detaljar før avtalen mellom verftet og reiarlaget er effektiv, ein avtale som mellom anna inkluderer opsjon på ytterlegare eit skip.
DESIGN FRÅ SKIPSTEKNISK
Skipet er designa av Skipsteknisk, som i ei eiga pressemelding skriv at det topp moderne 117 meter lange subsea-fartøyet vil få den same høye miljøstandarden som forgjengaren som er under bygging, og er designa for å kunne møte framtidige nullutslippskrav.
Rem Ocean, som båten skal heite, vil bli utrusta med dual fuel metanolmotor i kombinasjon med batteripakker, det vil reduserer dei miljøfarlege utslippa opp mot 90 prpsent. Alt offshore løfteutstyr, inkludert hovedkrana, vil vere elektrisk og i stand til å regenerere elektrisk kraft tilbake til batteria.
Rem Ocean vert utstyrt med eit integrert modulhandteringssystem (MHS) med en kapasitet på 80 tonn, ei 250 tonns subseakran, eit integrert dekk-skiddesystem, og vil få kring 1000 kvadratmeter dekksareal i tillegg til 350 kvm i MHS-hangaren.
MHS er designa for å handtere subsea-modular under utfordrande vêrforhold med bølgehøydar opp til Hs=5,5 meter, mens ROV-utrustninga er designat for å kunne operere i bølger opp til Hs=6,0 meter.
STERK RELASJON
Skipsteknisk har ein sterk relasjon til REM Offshore og har og hatt en lang og sterk relasjon til DeepOcean. Dette er det åttande ST-designa fartøyet som har vore på kontrakt med selskapet. Det første offshorefartøyet, Edda Fonn, som gjekk på charter med Deep Ocean, ble nemleg bygget og levert av nettopp Myklebust Verft i 2003.
Om Myklebust Verft

- Etter over 100 års drift, har Myklebust Verft lang og solid erfaring både innan nybygg og service, reparasjon og ombygging av fartøy.
- Verftet tilbyr fasilitetar for dokking opp til 15 000 tonn - til dømes konstruksjonsfartøy, ankerhandterarar, seismikkfartøy, brønnbåtar og fiskefartøy.
- Alle tilsette både utfører serviceoppdrag og samstundes byggjer nye fartøy gjev ei unik kompetanse som kjem kundane til gode.
Relaterte artikler
-
Rem Offshore kontraherer fremtidens fartøy
8 måneder siden -
Rem Ocean og Polar Onyx døpt
10 år siden -
Dåp og åpent skip ved Myklebust
11 år siden -
STX OSV bygger arktisk tråler
13 år siden -
Kinesisk subsea skip med design fra Skipsteknisk
13 år siden