Ny ombyggingskontrakt for Kleven Verft

Publisert: 31.10.2019 kl. 14.10
Slik skal lekteren Boabarge 33 sjå ut når den er ferdig. Levering er planlagt i februar 2020. Illustrasjon: Boa Barges
Slik skal lekteren Boabarge 33 sjå ut når den er ferdig. Levering er planlagt i februar 2020. Illustrasjon: Boa Barges
Nye Kleven Verft har inngått avtale med reiarlaget Boa Barges AS i Trondheim om ei større ombygging av ein eksisterande lekter.

Lekteren «Boabarge 33» kjem til Kleven 31. oktober 2019, og arbeidet med ombygginga vil starte straks den er på plass. Oppdraget vil gje arbeid til om lag hundre arbeidarar på verftet frå november 2019 og fram til lekteren skal bli levert i februar 2020.

– Vi er veldig takknemlege for tilliten Boa Barges AS viser med å plassere dette viktige oppdraget hos oss, seier salssjef Thore Veddegjerde frå Nye Kleven Verft. Kontrakten er vunne i sterk konkurranse med fleire europeiske verft.

– Etter ein totalvurdering av kvalitet, pris og gjennomføringsevne valte BOA å plassere oppdraget ved Nye Kleven Verft, seier Jostein Innerdal, prosjektleiar i Boa Barges.

Arbeidet vil omfatte ein auke av breidda av lekteren frå 36 m til 60 m. Det vil bli montert åtte nye oppdriftstårn, og to eksisterande dekkshus skal hevast med ti meter. I tillegg skal det bli montert eit sjøsettingsarrangement for betongelement på dekk. Når ombygginga er gjennomført, skal lekteren på oppdrag utanfor kysten av Dakar i Vest-Afrika. Der skal «Boabarge 33» brukast til å plassere ut store betongelement, som skal danne ein bølgebrytar som er under oppføring. Det kan ein lese meir om her.

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler