ONS-start midt i store endringar

Publisert: 29.08.2016 kl. 11.37 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 16.58
Kronprins Håkon kjem til opninga av ONS 2016 i Stavanger måndag. Frå venstre ONS-general Leif Johan Sevland, Arild Selvig, styreleiar i ONS-stiftinga, olje- og energiminister Tord Lien. Bak kronprinsen står Stavanger-ordførar, Christine Sagen Helgø.
Kronprins Håkon kjem til opninga av ONS 2016 i Stavanger måndag. Frå venstre ONS-general Leif Johan Sevland, Arild Selvig, styreleiar i ONS-stiftinga, olje- og energiminister Tord Lien. Bak kronprinsen står Stavanger-ordførar, Christine Sagen Helgø.




Den store olje- og energimessa, ONS 2016, blei offisielt opna i Stavanger mandag av kronprins Håkon.

Fleire av talarane under opningskonferansen peika på at olje- og gassindustrien er midt oppe i den største endringa som har skjedd nokon gong i denne industrien.

Av Thomas Førde

Statsminister Erna Solberg lova under opningskonferansen ingen skatte- og avgiftslette for olje- og gassindustrien.

Stabile rammevilkår var det statsminister vil tilby olje- og gassindustrien i Norge. Men ho la til at trass i gradvis nedbygging av aktiviteten på norsk sokkel, vil olje- og gassindustrien vera den viktigaste industrien her i landet dei neste 30 til 40 år.

Konsernsjefn i Statoil, Eldar Sætre peika på at under førre ONS, som blei halden i 2014, låg oljeprisen på 100 dollar per fat. — Den store endringa som såleis har skjedd til dagens pris mellom 40 og 50 dollar, har tvinga Statoil til å tenkja heilt nytt.

Sætre kunne stolt visa til konkrete resultat av nyteking og ny tilnærming. Utbygginga av Norges neste gigantiske olje- og gassproduserande felt, Johan Sverdrup, vil bli lønnsamt sjølv om oljeprisen fell til 25 dollar per fat.

Slike oppsiktsvekkande resultat har Statoil oppnådd gjennom mange ulike tiltak; som meir effektiv boring, nye samarbeidsløysingar og endring i kultur og haldningar. — Me treng ikkje lenger alltid ty til skreddarsaum, men må utvikla fleire standardiserte løysingar, sa Sætre.

Konsernsjefen i Statoil viste også til dei andre store utfordringane i verda som krev endring i energiselskapa.

— Klimaendringa krev energi med lågare karboninnhald. Effektiv utvinning blir viktig , det gjer også utvikling av prosjekt som kan samla inn CO2 frå landbasert industri og plassera denne klimagassen under havbotn. I tillegg har Statoil nyleg lagt fram ein plan for reduksjon av eigne utslepp av CO2 i olje og gassproduksjonen 2,5 millionar tonn årleg.

Statoil satsar også på utbygging av vindkraft til havs. Om kort tid kan selskapet levera elkraft nok til ein million hushald i Europa.

— Likevel vil olje og gass blir ein viktig del av energimiksen i verda for fleire tiår og at Statoil vil satsa på vidareutvikling av norsk sokkel. Men etter 2020 vil det bli flest mindre nye funn som ventar på utvikling og ut bygging. Dette krev ein ny kultur, nye tilnærmingar og nye samarbeidsløysingar, sa Eldar Sætre.

Han la til at ettersom olje- og gassindustrien er inne i ei stor omforming og framleis skal bli ein særs viktig industri treng næring rekruttera talentfulle ungdommar som kan takla dei nye utfordringane, sa Statoils konsernsjef under opninga av ONS 2016.

Utstillinga og konferansen i Stavanger held fram heile denne veka med meir enn 1000 utstillarar og 430 ulike føredragshaldarar. For to år sidan hadde ONS m eir enn 90 000 besøkande. Arrangøren er spent på om besøkstalet vil koma opp på dette nivået når tala skal summerast førstkomande fredag.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler