Perfekt sjøsetting ved Kleven

Publisert: 14.03.2016 kl. 07.17 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 16.59
Sjøsetting
Sjøsetting


Luksusyacht nr. to og byggnr. 370 vart sjøsett frå Kleven Verft i Ulsteinvik laurdag.

 

Dette er den andre yachten Kleven leverer til Graeme Hart frå New Zealand, og også denne gongen var Hart og familien tilstades ved sjøsettinga. Det første fartøyet, 107 meter lange , vart levert frå Kleven Verft i 2015 og er no på seglas i Middelhavet.

 

Fartøyet er av typen MT 5006 MKII ESV, designa av Marin Teknikk. Interiøret er designa av Oscar Mike Naval Architects i New Zealand. Fartøyet er spesialdesigna for lange ekspedisjonar i røffe farvatn, og kombinerer eit robust skrog med luksuriøst interiør. Fartøyet har innreiing for 66 personar, og skal leverast frå Kleven Verft i juli i år.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler