Prisar til Rolls-Royce, Farstad og Østensjø

Publisert: 20.02.2013 kl. 10.00 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
Far Solitaire UT754WP
Far Solitaire UT754WP


Under ein seremoni i London i går kveld vart Rolls-Royce tildelt prisen «Årets innovasjon» for nyvinninga «Dual Draglink Crane» – ei hivkompensert parallellstagskran utvikla av Rolls-Royce i Brattvåg i samarbeid med Huse Engineering. Det er bransjebladet Offshore Support Journal som står for utdelinga.

Den prisvinnande krana har stor lastehøgde og ei rekkevidde på heile 16 meter når den faldar seg ut, noko som gjer at den kan plukke opp last langt inn på kaia når den ligg i hamn. Sidan krana er montert på cargorailen, når den også heile lastedekket. I tida framover skal krana testast for aktiv hivkompensering ved bruk av fibertau.

Også Farstad Shipping kunne ta med seg pris og gode ord heim i går kveld, då fartøyet «Far Solitaire» vart kåra til «Årets forsyningsskip». Hausten 2012 vart same båten kåra til «Årets skip» av bladet Skipsrevyen. «Far Solitaire» vart bygd ved STX Langsten og er designa og utstyrt av Rolls-Royce. «Far Solitaire» er også det første fartøyet med den innovative parallellstagskrana installert om bord. Se video av krana her.

Dei resterande utmerkingane gjekk til:

- «Årets skipseigar»: EMAS/Ezra i Singapore.

- «Miljøprisen»: Rederiet Østensjø for PSVen «Edda Ferd» som er under bygging i Spania.

- «Offshore fornybar energi»: Danske A2SEA for vindmølleoppjekkbarinstallasjonsfartøyet (windmill installation jack-up vessel) «Sea Installer».

- «Livsgjerningsprisen»: K C Lee, grunnleggar av Ezra i Singapore.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler