Rolls-Royce design og utstyr til Brasil

Publisert: 23.10.2012 kl. 09.41 | Oppdatert: 18.10.2016 kl. 09.30
UT 775 SE
UT 775 SE


Rolls-Royce har inngått avtale med det brasilianske reiarlaget Bravante Group, tidlegare Navegação São Miguel Ltda, om levering av design og utstyr til fire plattform supplyfartøy av typen UT 775 SE. Kontrakta har ein verdi på i overkant av 220 millionar kroner for Rolls-Royce.

Det er andre gongen i år at Rolls-Royce annonserer kontraktar med dette selskapet, og som sist skal også desse fartøya byggast ved Bravante Group sitt eige verft i Niteroi i Brasil.

– Rolls-Royce har skreddarsydd designen og sett saman utstyrspakkar ut frå krava og den operasjonsprofilen skipa vil få. Dette har kunden funne særs attraktivt, og vunne fram med i markedet, seier Atle Gaasø, salgssjef for offshorefartøy i Rolls-Royce.

Fartøya er designa for frakt av konteinarar, rør og dieselolje til og frå olje- og gass plattformer utanfor kysten av Brasil. Etter ferdigstilling skal båtane inn på langtidskontraktar for det statlege brasilianske oljeselskapet Petrobras.

– Vi er særs nøgde med at kundar kjem tilbake for å kontrahere nye Rolls-Royce design. Dette er heilt klart ei viktig kontrakt for Rolls-Royce, i ein veksande og konkurransefylt marknad som Brasil, seier Gaasø.

Rolls-Royce skal i tillegg til design også levere mykje av hovedutstyret om bord, inkludert azipullthrusterar og baugthrusterar frå Ulsteinvik, dekksmaskineri frå Brattvåg, frekvensomformarar frå Bergen, og automasjons- samt DP- system frå Longva. Første fartøy i serien er planlagt levert november 2014, og det siste er planlagt levert i oktober 2015.

Bravante Group leverte sitt første nybygg av UT-design i august, og har i tillegg til denne nye kontrakta åtte Rolls-Royce fartøy under bygging. Sidan oppsvingen i offshore-markedet starta i Brasil har Rolls-Royce designa og vunne kontrakter for totalt 56 skip som er levert eller under bygging på brasilianske verft.

Kim Idar Giske

kim[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler