Scana Volda samarbeider med Niigata

Publisert: 08.04.2015 kl. 12.01 | Oppdatert: 16.10.2016 kl. 12.22
Volda gruppe
Volda gruppe


Ein samarbeidsavtale mellom Scana Volda og den japanske produsenten av dieselmotorar Niigata Power Systems Co., Ltd., er signert om å lansere ein felles Niigata & Scana framdriftspakke.  

Samarbeidsavtalen vart signert under SMM i Hamburg i september 2014, og Niigata og Scana har førebudd lanseringa med bl.a. ein prosjektguide over typiske konfigurasjonar for offshore support fartøy. Framdriftspakken er basert på den nye Niigata 28AHX motorserien (2070 – 6660 kW), kombinert med propellar, gir, tunnel thrustarar og fjernstyringssystem frå Scana Propulsion. Framdriftspakken er tilgjengeleg frå den globale salsorganisasjonen til både Niigata og Scana Propulsion.  

– Vi ser eit stort potensiale for ein Niigata og Scana framdriftspakke til offshore support fartøy, og vi har allereie erfart positiv interesse frå dette segmentet i Asia, seier Hallvard Pettersen, Dagleg leiar i Scana Volda. Både Niigata og Scana har lang erfaring i leveransar til sine respektive marknadar, og det er derfor 2 erfarne aktørar som no tilbyr ein felles framdriftspakke.

Kim Idar Giske

kim[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler