Set i gang prosjekt for nullutslepp forsyningskjede

Publisert: 22.03.2022 kl. 11.57
Frå v: Stig Førde (Fjord Base Holding), Kristina Skogen (Ocean Hyway Cluster) 2 frå v: Kari Bjørbæk (Equinor), Stein Kvalsund (Ocean Hyway Cluster), Kristin Svardal (Ocean Hyway Cluster). 3 frå v: Rolf Håkon Holmboe (Neptune Norge), Maren Klakegg (Neptune Norge). Foto: Ocean Hyway Cluster
Frå v: Stig Førde (Fjord Base Holding), Kristina Skogen (Ocean Hyway Cluster) 2 frå v: Kari Bjørbæk (Equinor), Stein Kvalsund (Ocean Hyway Cluster), Kristin Svardal (Ocean Hyway Cluster). 3 frå v: Rolf Håkon Holmboe (Neptune Norge), Maren Klakegg (Neptune Norge). Foto: Ocean Hyway Cluster
Klynga Ocean Hyway Cluster har signert ein partnarskapsavtale med Equinor og Neptune Energy som set i gang programmet Zero Emission Supply Chain.

Den norske olje- og gassindustrien gir 45 milliarder kroner til det norske felleskapet og 205.000 sysselsatte kvart år. Men det er også ein industri knytt til utslepp og den norske olje- og gassindustrien har derfor ambisjonar om å redusere sine utslepp kraftig innan 2030. 

Energiselskapa Equinor ASA og Neptune Energy Norge AS heva ambisjonen rundt CO2-kutt. Neptune Energy vil no lagre meir karbondioksid (C02) enn det som vert slept ut frå drift og bruken av selde produkt innan 2030, medan Equinor sin nye strategi skal redusere utsleppa med 70 prosent innan 2040. Neptune Energy Norge AS og Equinor ASA har derfor signert ein partnarskapsavtale med Ocean Hyway Cluster for å sette i gang programmet Zero Emission Supply Chain.

NYE INDUSTRIELLE AKTIVITETAR 
Gjennom programmet ZESC vil partnarane identifisere eksisterande initiativ og bidra til å generere nye industrielle aktivitetar og prosjekt som vil støtte dekarbonisering av forsyningskjeda. Å sjå på heile forsyningskjeda og ikkje berre enkeltståande aktivitetar kan bli viktig for å nå desse måla. Zero Emission Supply Chain skal kartlegge alle prosessar og aktivitetar i logistikkforsyningskjeden for å synleggjere kvar ein kan oppnå betydelege reduksjonar i karbonutslepp. Med denne informasjonen tilgjengeleg er det mogleg å både identifisere potensial, men og generere ulike forslag til nullutsleppsinitiativ og prosjekt. Forsyningsbasen i Florø er ein pilot, men metodikken og resultatet frå dette programmet vil ha overføringsverdi hos Neptune Energy Norge AS og Equinor ASA sine andre lokasjonar med forsyningsaktivitet.  

Ocean Hyway Cluster, ei klynge som jobbar med hydrogen til maritim bruk, er leiar av programmet, medan Equinor ASA og Neptune Energy Norge AS er programeigarar. Fjordbase Holding AS har og signert ein eigen parterskapsavtale med Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster for å mellom anna vere ein sentral part i det vidare utviklingsarbeidet knytt til Zero Emisson Supply Chain. 

Maren Klakegg deltek i programmet frå Neptune Energy og trur at dette er ein viktig nøkkel til å redusere bedrifta sine utslepp: 

– For å forstå korleis vi kan redusere våre utslepp, treng vi ei komplett oversikt over dei prosessane og operasjonane som slepp ut mest i vår forsyningskjede. Både utgåande og inngåande logistikk aktivitetar vil bli inkludert i analysen. Dette gjer det mogleg for oss å kartlegge alle utslepp knytta til våre logistikkaktivitetar som onshore transport til og frå våre fasilitetar, logistikkoperasjonar på basen og maritim transport . 

Leiar av HSEQ i Neptune Norge, Rolf Håkon Holmboe, er einig med kollega Maren:

– Energieffektivitet og låg-karbon operasjonar er essensielle for landet vårt. Å administrere våre fotavtrykk på produkt gjennom heile forsyningskjeda er eit viktig bidrag til å nå Neptune sine klimamål. Prisen for å forureine vert stadig høgare, som den burde, så dette prosjektet vil ikkje berre kutte våre utslepp, men også Neptune sine kostnadar. 
Resultatet av prosjektet vil bli delt med resten av industrien, og dermed bidra til eit lågare karbon fotavtrykk for heile forsynlingskjeda .

HAND I HANSKE
Programmet som no vert sett i gang er hand-i-hanske med Equinor sin nye berekraftstrategi:

– Vi veit at våre utslepp må bli redusert, og det startar med oss og korleis vi jobbar med våre leverandørar og partnarar. Equinor vurderer fleire små og store initiativ dagleg for å redusere utslepp. Zero Emission Supply Chain gir oss eit systematisk bilete over aktiviteten i forsyningskjeda og gjer det lettare for oss å finne gode initiativ for å redusere utslepp», seier Kari Bjørbæk, ledande spesialkonsulent logistikk i Equinor. 

For Ocean Hyway Cluster er partnarskapet med dei tre aktørane ei tillitserklæring: «Equinor ASA og Neptune Energy Norge AS er store og viktige kundar for den totale aktiviteten på basen i Florø. Begge har klare målsettingar om reduksjon av sine klimautslepp, så eit konkretisert partnarskap med desse to aktørane er viktig for dei nasjonale mål om reduksjon av utslepp. Desse målsettingane er samfallande med måla vi har sett oss for klynga Ocean Hyway Cluster og vår vidare satsing innan hydrogen. Verdikjeda for å kunne realisere nullutslepp i forsyningskjeden til Equinor ASA og Neptune Energy Norge AS fordrar og involvering og deltaking frå fleire ulike verksemder. Vi har difor som eit første steg inngått ein eigen partnarskapsavtale med Fjordbase Holding AS sine verksemder der dette prosjektet skal vere eit av fleire felles satsingsområde. Planen vidare er å invitere dei øvrige verksemdene i forsyningskjeden til deltaking i prosjektet når dei viktigaste prosessane og operasjonane som gjev mest utslepp er kartlagt», seier Stein Kvalsund, dagleg leiar i Ocean Hyway Cluster. 

Zero Emission Supply Chain:
  • Programmet Zero Emission Supply Chain samlar aktørar i forsyningskjeda til Equinor ASA og Neptune Energy Norge AS med utgangspunkt i aktiviteten frå Florø. 
  • Formålet med programmet er å kartlegge dagens utslepp og generere prosjekt som bidrar til utsleppskutt for dei to operatørane gjennom heile forsyningskjeda. 

Ocean Hyway Cluster: 
  • Den nasjonale klynga Ocean Hyway Cluster med 95 medlemmer og samarbeidspartnarar har base i Florø og er forankra i medlemsorganisasjonen Hub for Ocean sitt utviklingsarbeid. 
  • Dei siste tre åra er det etablert eit eige nettverk av sentrale aktørar som involverer heile verdikjeda for hydrogenbaserte løysingar i maritim næring. 
  • Målsettinga for det vidare arbeidet i klynga er at Noreg skal vere ein leiande aktør innan maritim hydrogen og dette skal danne grunnlaget for eit nytt industrielt løft i maritim næring. 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler