Seven Borealis nominert til Årets Skip

Publisert: 15.01.2013 kl. 13.08 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
Seven Borealis - Ulstein Sea of Solutions - Rinus Noordhoek
Seven Borealis - Ulstein Sea of Solutions - Rinus Noordhoek


Flaggskipet til Subsea 7, Seven Borealis, som er utvikla av Ulstein har vorte nominert til Årets Skip 2013 av Offshore Support Journal. Ein kan stemme på dei nominerte skipa innan utgangen av 25. januar ved å følgje denne lenkja: www.surveymonkey.com/s/13SVVOTE

Seven Borealis måler 182,2 x 46,2 meter og har ei djupne på 16,1 meter. Skipet er eit rørleggings-/ tungløftsfartøy levert i 2012, og er designa av Ulstein Sea of Solutions for operasjonar over heile verda. Skipet kan arbeide på prosjekt i svært djupe farvatn i dei tøffaste miljøa i verda. I november 2012 vart det kjent at skipet går inn som ein del av den største SURF-kontrakten som nokon gong er tildelt på norsk sokkel for utvikling av gassfeltet Martin Linge, som ligg 180 km vest for Bergen.

Prisvinnaren vert kåra av rådet for den årlege Offshore Support Journal-konferansen og lesarane av Offshore Support Journal, og vinnaren blir annonsert på konferansen 19. februar i London. Link til flyfilm av Seven Borealis: http://youtu.be/54Do3n0CM1A

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler