Skal bli like trygt på sjøen som på land

Publisert: 24.09.2015 kl. 09.20 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
Sjøfartsdirektør Olav Akselsen
Sjøfartsdirektør Olav Akselsen


Haugesund: Thomas Førde

thomas[a]maritimt.com

Dette sa sjøfartsdirektør Olav Akselsen under opninga av Sjøsikkerhetskonferansen i Haugesund torsdag formiddag.

Akselsen viste til at olje- og gassindustrien hadde tre dødsulukker dei siste ti åra, medan maritim næring elles har registrert 120 dødsulukker i same periode.

– Det er framleis farlegare å jobba på sjø enn på land. Slik skal det ikkje vera. Me må bli like flinke som landbasert industri og som olje- og gassindustrien, seier Akselsen.

Sjøfartsdirektøren viste til at direktoratet han leier har i samarbeid med fleire profesjonelle aktørarar utvikla ein nasjonal risikomodell for maritime operasjonar og drift.

– Me vil laga modellar som reiarlaga sjølve kan ta i bruk. Kunnskap er avgjerande og ei  vitskapleg tilnærming kan gjera oss flinkare, seier Akselen. Han legg til at ein bør få best mogeleg kunnskap om kva som skapar ulukker.

– Er det spesielle skip, spesielle operasjonar eller spesielle farvatn, spør Akselsen.

Sjøfartsdirektoratet hadde i fjor brannførebygging som sitt spesielle fokusområde. Direktoratet laga spesielle sjekklister for dette, som inspektørane tok med seg om bord på inspeksjonar. I følgje Akselsen fann inspektørane ting som dei ikkje burde ha funne. —Det var ofte snakk om små ting, veikskapar som var lette å retta opp, men som lett kunne ha ført til tragiske ulukker. Utan at det kan påvisast klar samanheng mellom fokus på bannvern og utviklinga av talet på brannar etterpå er det eit faktum at talet på brannar om bord har gått ned, seier sjøfartsdirektøren.

I år er sikker arbeidsplass om bord, Sjøfartsdirektoratet sitt fokusområde. —Etter slike inspeksjonar har det kome sterk vekst i talet av pålegg om utbetringar. Om ulukkestalet går ned er ennå for tidleg å slå fast, seier Akselsen.

Neste år set Sjøfartsdirektoratet fokus på kviletid og bemanning. Direktoratet vil ha fokus på om det er nok mannskap om bord, om det er rett mannskap og om det er eit utkvilt mannskap.

– Statistikken viser at utmatta mannskap skapar ulukker og at der lettare å bryta tryggingsprosedyrar når ein er trøytt og sliten, seier Akselen, som opplyser at ei ny sjekkliste som direktoratet vil nyttast neste år under umelde inspeksjonar, skal publiserrast i januar neste år.

Sjøsikkerhetskonferansen går over to dagar og er eit årleg arrangement som denne gongen samlar meir enn 200 deltakarar frå mange ulike reiarlag, organisasjonar og institusjonar.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler