Skal bygge to elektriske hurtigbåtar

Publisert: 15.07.2022 kl. 11.33
Dei nye båtane skal byggast i karbonfiber, vert 40,6 meter lange og kunne ta med seg 130 passasjerar pluss last. Illustrasjon Br. Aa.
Dei nye båtane skal byggast i karbonfiber, vert 40,6 meter lange og kunne ta med seg 130 passasjerar pluss last. Illustrasjon Br. Aa.
Nordland fylkeskommune tildelte Norled hurtigbåtkontrakt for rutene mellom Bodø og Væran, og Bodø og Gildeskål tidlegare i vår. Det er no klart at dei to hovudfartøya i anbodet skal byggast av Brødrene Aa.

Dei nye båtane skal byggast i karbonfiber, vert 40,6 meter lange og kunne ta med seg 130 passasjerar pluss last. Kvar av båtane vil bli utrusta med ein batteripakke på 4 MWh og vil vere i stand til å operere heilelektrisk i 30 knop. Sjølve ruteoperasjonen krev ein servicefart på 28 knop, og med denne farten vil båtane få ei heil– elektrisk rekkevidde på over 60 NM.

–  Vi er naturlegvis svært glad for denne kontrakten, og for at vi igjen kan ta til på eit byggeoppdrag for Norled, seier Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa. –  Prosjektet er samstundes grensesprengande, der ein reell hurtigbåtoperasjon i ei krevjande rute langs Nordlandskysten no blir elektrifisert. Tretti knop heilelektrisk er ein milepåle for ein hurtigbåt, og dette prosjektet vil stå som ein referanse for utrulling av utsleppsfrie hurtigbåtar i åra som kjem.

LANG ERFARING  
Brødrene Aa har etterkvart opparbeidd seg solid erfaring med bygging av elektriske båtar. Den fyrste hybrid– elektriske båten, Vision of the Fjords, blei levert frå verftet i 2016, etterfølgt av to heil– elektriske systerskip i åra etter.

I 2020 blei Rygerelektra levert til Rødne. Bygd som hurtigbåt etter high– speed koden, greidde den som 300 pax fartøy, og med 2MWh installert effekt, å oppnå ein fart på 23 knop. 

–  Med dei nye båtane til Norled doblar vi batterikapasiteten frå Rygerelektra, og med denne energimengda vil båtane vere i stand til å operere heil– elektrisk 70% av tida, forklarer Tor Øyvin Aa. –  Vi ser at batteriteknologien stadig er i utvikling men det er framleis utfordringar knytt til vekt. Generator må difor inn for å dekke noko av energibehovet. 

MILJØKRAV AVGJERANDE
Kontrakten for hurtigbåtrutene mellom Bodø og Væran, og Bodø og Gildeskål har ein varigheit på ti år, med oppstart i januar 2024. Norled vil drifte to hovudfartøy og eit reservefartøy i anbodet. Det ligg også ein opsjon på å drifte ruta mellom Bodø og Myken i sommarmånadane.

–  Det er svært gledeleg at Nordland fylkeskommune vektla miljøaspektet i kontrakten, slik at sambanda no kan elektrifiserast. Vi ser fram til å ynskje reisande velkomen om bord på våre nye, elektriske fartøy i 2024, seier administrerande direktør i Norled, Heidi Wolden.

Norled og Brødrene Aa har samarbeidd om fleire hurtigbåtar som har utfordra tekniske krav og miljøkrav, samt løysningar som gir universell utforming. –  Vi gleder oss til vidareutvikling av nye miljøvenlege hurtigbåtar saman med Brødrene Aa, seier Wolden.

– Vi set pris på det gode samarbeidet vi har hatt etablert med Norled gjennom ein lengre konseptutviklingsperiode, og vi ser fram til å styrke dette samarbeidet vidare inn i byggeperioden, avsluttar Tor Øyvin Aa.

Brødrene Aa:
  • Brødrene Aa AS er verdsleiande innan konstruksjon og bygging av hurtiggåande båtar i karbonfiber. 
  • Selskapet sitt hovudkontor og – verft ligg i Hyen i Sogn og Fjordane, med aktivitet i Bergen, Eikefjord, og Guangzhou, Kina. 
  • Brødrene Aa leverte sin fyrste båt i karbonfiber i 2002. 
  • Teknologi og byggjeteknikk har gjennom åra blitt kontinuerleg vidareutvikla og Brødrene Aa har så langt produsert over 75 karbonfiber båtar. 
  • Selskapet har levert eit stort utval fartøy både for den innanlandske og internasjonale marknaden. 
  • Brødrene Aa AS er eigd av Brødrene Aa Eiendom og CKS Investment Norway. 

Norled:
  • Norled AS er eit av dei største ferje–  og hurtigbåtrederia i landet. 
  • Selskapet har rundt 80 fartøy, og driv ferje–  og hurtigbåtsamband frå Oslofjorden til Troms. Norled har satsa mykje på nye fartøystypar og miljøvenleg teknologi, og har tatt fram løysingar som selskapet er åleine om i verda. 
  • Selskapet har rundt 900 tilsette. 
  • Selskapet har hovudkontor i Stavanger og kontor i Bergen og Oslo. 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler