Skapte sine eigne arbeidsplassar

Publisert: 21.05.2021 kl. 11.53
Ein glad og positiv gjeng klare for å hjelpe andre. Frå venstre: Rita Ørnehaug, Erlend Hatleberg og Arlen Solheim
Ein glad og positiv gjeng klare for å hjelpe andre. Frå venstre: Rita Ørnehaug, Erlend Hatleberg og Arlen Solheim
Arlen, Erlend og Rita kjende det vart feil at all opparbeidd kompetanse skulle hamne på «havets botn». Etter at sjokkmeldinga om ned bemanning på verftet i Leirvik hadde lagt seg litt, var tida inne til å ta grep i eigen situasjon.

Idear som tidlegare berre hadde vore snakka om, vart plutseleg ikkje so urealistiske lenger.

– Eg tok ein telefon til Rita og sa at no skulle vi berre starta opp noko sjølv, og då ho svarte kontant at det gjer vi, var vi i gang, seier Arlen.

MANGE ÅRS FARTSTID
Styrken til desse to er utan tvil innafor økonomistyring. Med mange års fartstid på verftet i Leirvik har det vore store tunge prosjekt i form av nybygg til offshore, ferjer, brønnbåtar m.m. som har vore fokusområdet.

– Komplekse og omfattande prosjekt krev mykje oppfølging også økonomiske. Ein prosjektkontrollar er nesten å rekne som høgre handa til ein prosjektleiar, seier Rita.

Arlen jobba dei siste 9 åra som økonomisjef for verftet, og før det som prosjektkontrollar, medan Rita har sidan 2006 jobba som prosjektkontrollar med tett samarbeid opp mot prosjektleiar. 

Ikkje lenge etter at ideen var begynt å ta form, var også Erlend med på laget. Han styrka teamet med mange års erfaring innan prosjektleiing. I tillegg overtok han stillinga som verfts direktør etter at selskapet gjekk inn i gjeldsforhandlingar i november 2019.

– Ei svært krevjande rolle men samtidig utruleg lærerikt på godt og vondt, ifølgje Erlend. 

Dei tre har og fått med seg ein tidlegare kollega – Karl Eirik Frøysa Hansen– som deleigar og styreleiar. Han tilfører gruppa kompetanse innanfor revisjon, børsnotering og finans. Karl Eirik jobbar i dag innafor rederinæringa.

KLAR FOR OPPDRAG
Dermed var Arez AS eit faktum, og er no klar for oppdrag - i første omgang innafor maritim Sektor: havbruk, rederi og verft.
Målet på sikt er å skape arbeidsplassar for seg sjølv og andre.

– Vi er gode på prosjektleiing og økonomisk styring med alt det inneber av stort og smått, og er klare for å dele av vår kompetanse med dei som treng å styrke seg på desse områda. Store eller små prosjekt – i innland eller utland. Vi er fleksible, kvalitets beviste og vil skape tryggheit for våre kundar. 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Relaterte artikler