Skipa til Havila Kystruten i drift frå sommaren

Publisert: 26.01.2021 kl. 08.55
Dei nye skipa til Havila Kystruten har 179 lugarer og plass til over 600 gjester. No vert dei to første skipa seglingsklare i løpet av sommaren.  Illustrasjon: Havila Kystruten
Dei nye skipa til Havila Kystruten har 179 lugarer og plass til over 600 gjester. No vert dei to første skipa seglingsklare i løpet av sommaren. Illustrasjon: Havila Kystruten
Verftet i Tyrkia har kome med nye leveringsdatoar, og ut frå dei datoane vil dei nye skipa til Havila Kystruten kome i drift frå sommaren av. Skipa skulle segle frå nyttår, men koronapandemien har gitt verftet Tersan utfordringar. Det er restriksjonar frå styresmaktene knytt til mellom anna avgrensingar i reiseaktivitet og tidvis lockdown. 

Pandemien påverkar også underleverandørane med både forseinka utstyr og færre arbeidarar som kan vere på verftet.

Sals- og marknadssjef ved Tersan, Sakir Erdogan, seier at med det dei veit no, så ser dei føre seg levering av skipa rundt månadsskiftet mai/juni. 
– Men vi strekar under at koronpandemien fortsatt pågår og vi må heile tida forhalde oss til kva som skjer med pandemien og restriksjonar frå ei rekkje land. Leveringstida er ut frå det vi veit no, og avhengig av utviklinga i pandemien, kan vi måtte justere planane våre.

FÆRRE REISANDE
Etter at skipa er leverte frå verftet, vil det ta nokre veker å få dei til Norge og klargjort dei for drift.

Administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll, seier han er skuffa og beklagar forseinkingane både overfor folk langs kysten som skal reise med Kystruten og for dei tilsette. Samtidig forstår han situasjonen til verftet når ein ser korleis koronapandemien har utvikla seg.

– Forseinkinga hadde vore meir utfordrande i ein normalmarknad, men koronaen gir også reiserestriksjonar slik at færre kan reise både til Norge og i Norge enn i eit vanleg år, seier han i ei pressemelding.  

Myrvoll seier den siste utviklinga med det muterte viruset også gir grunn til uro, og ut frå hans ståstad ser det  ikkje ut til at det trengst full kapasitet på kystruta mellom Bergen og dei komande månadene.

GLER SEG TIL Å KOME I DRIFT
Arild Myrvoll seier at sjølv om det er beklageleg med forseinkingane, så er det bra at ein no får eit meir konkret tidspunkt for oppstart å sjå fram i mot.

– Og vi ser fram til å kome i drift og håper å få ta med mange passasjerar ut på reise med dei nye og miljøvenlege skipa våre. 
Myrvoll fortel at det også er mange andre som gler seg til skipa kjem i drift.

–  Det har vore svært god interesse frå reisebyrå og agentar for dei nye skipa våre, og vi er naturleg nok spente på om folk får reise og kva sommaren vil bringe.

Dei to første skipa som skal i drift er Havila Castor og Havila Capella. Skipa har plass til 640 passasjerar og har 179 lugarar. For meir kortreiste gjester er det eiga avdeling der du kan kjøpe kvilestol dersom du ikkje har lugar. Skipa har verdas største batteripakkar om bord og kan segle i fleire timar både utan utslepp og støy.   

FAKTA
•    Havila Kystruten er eit familieeigd, norsk reiarlag med hovudbase i Fosnavåg på Sunnmøre.
•    Havila Kystruten er frå 2021 eit av dei to reiarlaga som seglar den klassiske sjøreisa frå Bergen til Kirkenes.
•    Havila Kystruten bygger dei meste miljøvenlege passasjerskipa som skal segle på kystruta mellom  Bergen-Kirkenes. Skipa har mellom anna verdas største batteripakkar som gjer at dei kan gå i fire timar utan støy og utslepp. 
 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler