Sølvtrans erklærer opsjon med Kleven

Publisert: 15.01.2016 kl. 12.09 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.00
Brønnbåtane som Sølvtrans har kontrahert, har design NVC 387 frå Rolls-Royce.
Brønnbåtane som Sølvtrans har kontrahert, har design NVC 387 frå Rolls-Royce.


Sølvtrans erklærer opsjon og kontraherer brønnbåt nummer to frå Myklebust Verft. Det skriv Kleven i ei pressemelding.

Sølvtrans og Kleven har inngått kontrakt om bygging av enda ein brønnbåt ved Myklebust Verft. Kontrakten på bygging av det første fartøyet vart offentleggjort i juni i fjor. Det første fartøyet skal leverast i mars 2017, og fartøy nummer to i september same år.

Sølvtrans er eit av verdas største brønnbåtreiarlag for transport av levande laks og ørret.

– Det er svært gledeleg at Sølvtrans ønskjer enda eit fartøy frå Myklebust Verft, og vi set stor pris på samarbeidet med denne lokalt eigde og globalt leiande aktøren. Vi ser store moglegheiter innan denne marknaden, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven.

Med denne kontrakten har Myklebust Verft no ei ordrebok som inneheld seks fiskefartøy og brønnbåtar for levering i 2017, samt eit stort konstruksjonsskip som skal leverast i løpet av våren i år.

Fartøya til Sølvtrans er av typen NVC 387 frå Rolls-Royce, og er ein stor brønnbåt – nær 80 meter lang og med 3200 m3 brønnkapasitet. I tillegg til design, skal Rolls-Royce også levere ein stor utstyrspakke med mellom anna thrusterar, automasjonsanlegg og vinsj. Fiskehandteringsutstyret skal leverast av MMC i Herøy, og andre lokale leverandørar vil også verte nytta.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler