MARITIMT
Stadt-avtale med Saab AB
Publisert: 04.07.2017 kl. 14.16

Frå venstre: Hallvard Slettevoll, Daniel Slettevoll og Webbjørn Hageselle på Stadt sin stand under årets Nor-Shipping. Foto: Stadt
Stadt AS og Saab AB har signert kontrakt om levering av det patenterte framdriftssystemet Stadt Lean Propulsion.
Framdriftssystemet skal leverast til eit av Saab sine skipsprosjekt, melder Gjerdsvik-selskapet.
– Denne kontrakta er ei viktig ordre i ein marknad som vi ønsker å satse vidare på. Det er også eit viktig steg i strategien vår om å gjere Stad Lean Propulsion-systemet aktuell for den internasjonale marineflåten, seier Stadt-sjef Hallvard L. Slettevoll.
Saab AB er eit svensk teknologiselskap, som er er involvert i forsvars-, fly- og romindustriane. Selskapets største eigarar er den svenske Wallenberg-familien samt det britiske forsvarsselskapet BAE Systems.

Relaterte artikler
-
Stadt leverer til Topaz
4 år siden -
Nytt maritimt senter i Gjerdsvika
6 år siden -
Fitjar bygg ny brønnbåt til Bakke-rederiet
7 år siden -
Offshorekontrakt til Stadt i Asia
8 år siden -
Stadt AS sikra viktig kontrakt
9 år siden
Kommenter denne artikkelen