Stadt har opna nytt kontor i Singapore

Publisert: 23.03.2022 kl. 10.53
Frå opninga av Stadt sitt kontor i Singapore. Foto: Stadt.
Frå opninga av Stadt sitt kontor i Singapore. Foto: Stadt.
Singapore har lenge vore ein svært viktig marknad for Stadt AS. For å styrke nye prosjekt og gi den beste service til eksisterande Stadt-kundar i regionen, har Stadt etablert eige kontor i Singapore.
 
Opninga vart markert med ein seremoni i den nye Tech-Labben som Innovasjon Norge har etablert ved den norske ambassaden i Singapore. 
 
Den norske ambassadøren i Singapore -  Eivind S. Homme var  æresgjest, og heldt ein velkomsttale for dei frammøtte. Representantar frå DNV og den maritime næringa i Singapore var til stades.
 
Seremonien vart opna av direktør Pål Kastmann, Innovasjon Norge, som ynskte Stadt Singapore til lykke med etableringa, og peikte på det lange og tette samarbeidet mellom Stadt og Innovasjon Norge.
 
Direktør Hallvard L. Slettevoll, Stadt AS  og  direktør Richard Yong frå  Stadt Singapore sa i sine talar at Singapore-marknaden har motteke Stadt sin teknologi med entusiasme. Kundar som også var til stades, kunne bekrefte at Stadt sin Lean Propulsion har vist seg svært effektiv og påliteleg i operasjon over fleire år no. 
 
 Ambassadør Homme med sin militære bakgrunn, framheve dei viktige Stealth-eigenskapane ved Stadt sin teknologi som avgjerande for å lukkast i den militære marknaden , der ein ser nye krav til elektrifisering av skipa. Dette på grunn av både miljømessige omsyn, og at nye våpensystem krev mykje elektrisk energi.
 
ELEKTRISK FRAMDRIFT  
Etter opninga, vart det arrangert eit seminar om elektrisk framdriftsteknologi.
 
20 inviterte gjestar fekk presentert siste nytt om Stadt Lean Propulsion. 
 
I konferansen la Stadt fram eksempel på sine  gode elektriske framdriftsløysingar, og eigenskapane som er påkrevde for sivile og militære skip.  Det vil vere krav til minimal eller ingen elektrisk støy, både inne i skipet, og like  så undervanns-støy . Her har Stealth teknologien frå Stadt vist seg suveren. Dette har  det norske 
sjøforsvaret nyleg bekrefta gjennom sine utførte målingar.

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Relaterte artikler