STADT og SHIFT Clean Energy dannar partnarskap

Publisert: 13.09.2022 kl. 14.14
Brent Perry, administrerande direktør i SHIFT og Hallvard Slettevoll, administrerande direktør i STADT AS. Foto: Stadt
Brent Perry, administrerande direktør i SHIFT og Hallvard Slettevoll, administrerande direktør i STADT AS. Foto: Stadt
SHIFT Clean Energy inngår eit tett samarbeid med sin partnar STADT, ein leiande leverandør og systemintegrator for elektrisk framdrift, for å levere bærekraftige framdrifts- og energilagringsløysingar til den globale maritime industrien.

SHIFT gjer det mogeleg for den maritime industrien å gå over til nullutslepp med trygge og effektive vannkjølte batterisystem. SHIFT sitt litium-ion batteribaserte ESS kan brukast til hybride eller heilelektriske framdriftssystem for militær, og kommersiell skipsfart. SHIFT sitt unike, kompakte og termisk homogene vasskjølesystem gir mange fordelar for kundar som ynskjer å elektrifisere framdriftssystema i sine skip og offshoreinstallasjonar, eller på landanlegg.

HINDRAR BRANN
Denne patenterte vasskjølte batteriteknologien til SHIFT har vist seg å forhindre brann i batterisystema på grunn av sin termiske kontroll, segregering og konstante temperaturkontroll i ein homogen robust batteristruktur.  

STADT Lean Propulsion® leverer effektive, pålitelege og støyfrie framdriftssystem designa for fartøyet si levetid.  STADT sin framdriftsteknologi let seg lett integrere med framtidige kraftkilder av alle slag. STADT har levert elektrisk framdrift og eigen drive teknologi til meir enn 150 fartøy verda over.

AVGJERANDE
Brent Perry, administrerande direktør i SHIFT, seier: "Partnerskap som desse er avgjerande for avkarboniseringa av den maritime sjøfartsindustrien. Vi er stolte av å kunngjere vår nye norske partnar STADT, som er ein leiande leverandør og systemintegrator for elektrisk framdrift. Dette partnarskapet vil tilby våra kundar reduserte driftskostnadar med høg fokus på sikkerheit.
Det vil også støtte næringa si  overgang til nullutsleppsløysingar på ein trygg måte.

Hallvard Slettevoll, administrerande direktør i STADT AS, seier: «Eg er trygg på at SHIFT og STADT vil fortsette å vokse saman for å levere berekraftige løysingar til næringa samtidig som de bidreg til å møte krav fra både kommersielle og militære kundar. Vi er entusiastiske over å ha danna dette partnerskapet med SHIFT.  Som pionerar innan våre eigne felt vil selskapa sine teknologiar utfylle kvarandre og fremme elektrifiseringa av skipsfarta globalt på ein framtidsretta måte.



SHIFT er ein leiande leverandør av reine energiløysingar til mellom  anna den maritime marknaden,  og har levert sin batteriteknologi på nokon av dei første elektrifiserte fartøya i marknaden, inkludert den fyrste elektriske ferga i Sør-Europa i Aveiro, Portugal, og eit pilotprogram for å elektrifisere havnefartøy ved «Maritime and Port Authority»,  MPA of Singapore.  SHIFT har også fleire større installasjonar på skip i Norge.

 


SHIFT Clean Energy:
  • SHIFT Clean Energy leverar energilagringteknologi for å avkarbonisere den maritime sjøfartsindustrien og andre sektorar som er vanskelege å avskaffe.
  • SHIFT gjer det mogleg for kundane å nå sine klimatiltak og ESG-mål med reine energiløysingar basert på leiande energilagringssystem.
  • Som de sikraste og mest pålitelege energilagringsløysingane på marknaden i dag, og det første kommersielle maritime teknologiselskapet som tilbyr forbruksbaserte PwrSwäp-abonnementsenergisystem. 
  • Kundar sparar pengar frå dag éin gjennom elektrifisering, integrering av ESS og fornybar energi for både kommersielle og maritime applikasjoner. - Bli med oss på vårt oppdrag om null utslepp.
 
STADT:
  • STADT AS og STADT NAVAL AS er ein innovativ produsent og system integrator innan elektrisk framdrift av skip.
  • Selskapa har i over 35 år utvikla og produsert fleire generasjonar AC Drives, og leverer sine løysningar og profesjonelle tenester til kommersielle og militære fartøy av alle størrelsar. 
  • STADT har lansert sin banebrytande og nyaste generasjon AC drive teknologi under merkevara STADT Lean Propulsion®. 
  • Teknologien og løysinga er patentert, med unike funksjonar, inkludert stille stealth-drift og svært høg effektivitet på grunn av lave elektriske tap i AC driven.   
  • Teknologien har vist seg å være svært robust og har ei forventa levetid på + 30 år.
  • Lave service- og vedlikehaldskostnader vil sikre rederia lave driftskostnader i heile levetida.
  •  

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler