Stadt skriv kontrakt med Forsvarsdepartementet

Publisert: 28.01.2021 kl. 10.33
Stadt Stealth Lean Propulsion er alt i bruk i fartøy for andre utanlandske mariner. Illustrasjon: Stadt.
Stadt Stealth Lean Propulsion er alt i bruk i fartøy for andre utanlandske mariner. Illustrasjon: Stadt.
Forsvarsdepartementet har signert avtale om å delta i utviklingsprosjekt som har som formål å utvide produkt-kapasitetane til Stadt Stealth Naval Electric Propulsion.

På grunn av den auka bruken av elektroniske våpensystem viser mariner over heile verda aukande interesse for elektrisk framdrift til å drive framtidige marinefartøy. Overordna mål er å søkje minimum karbonavtrykk, lavere energiforbruk ved å kunne ta i bruk  nye lavutslippsløysingar. Det er også eit mål å auke operativ rekkevidde og forsvarsevne gjennom Stealth teknologi med lyd- og signatursvake operasjonar.

KREVJANDE MÅL
Stadt AS vil i samarbeid med Sjøforsvaret videreutvikle sin eigen teknologi for å oppfylle ei rekkje krevjande mål, som:

•    Ingen elektriske forstyrrelsar og lav signatur, som overgår dagens EMC-standardar,
•    Auke levetida og pålitelegheita til elektrisk framdrift i betydeleg grad
•    Ekstrem framdriftseffektivitet gjennom svært lave varmetap
•    Kompakt volum og lav vekt
•    Utvide operasjonsradiusen på skipa
•    Lite miljøavtrykk
•    Tilpasse ein kvar energikjelde eller kombinasjonar  av fleire
•    Skalerbarheit til eit veldig høgt effektområde
•    Oppfylling av marine standardar for sjokk og vibrasjonar

Stadt Stealth Drive-teknologien har evnene til å være avgjerande for den nye trenden innan framdrift av marinefartøy.

VEL UTPRØVD
Den militære forlengelsen av Stadt Lean Propulsion ® - Stadt Stealth Drive-serien, er i vesentleg grad basert på teknologiske element som er vél utprøvde i sivile skipsprosjekt globalt gjennom den patenterte Stadt Lean Drive-teknologien.

Ein talsmann frå forsvaret uttrykkjer at dei ser på Stadt sin teknologi som svært innovativ, med lave tap, støyfriheit og lave levetidskostnadar. Det å sikre eit sterkt lokalt norsk teknologimiljø på kysten, som Stadt representerer, er også vesentleg  betydning for auka forsvarsevne. 

GJENNOMBROT
Stadt AS har allereie hatt gjennombrot i marinesektoren og installert Stadt Stealth Lean Propulsion i fartøy for andre utanlandske mariner. 

– Godkjenninga frå Forsvarsdepartementet og Sjøforsvaret for dette felles utviklingsprosjektet er viktig for oss for å styrke vår posisjon og mogelegheiter for eksport ,og for å lukkast i pågåande prosjekt og utvikling mot mariner over heile verda, sier Hallvard L. Slettevoll, CEO i Stadt AS.

Stadt AS er medlem av Forsvars- og sikkerhetsindustriens forening, FSI.
 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler