MARITIMT
Stor forsvarskontrakt til Stadt
Publisert: 18.01.2023 kl. 12.36
Stadt signerte nyleg si største forsvarskontrakt for elektrifisering av militære skip til eit NATO -land. Utviklingsarbeid og produksjon vil strekke seg over fleire år framover.
Kontrakta gir mykje arbeid og optimisme for staben i Gjerdsvika, som i dag tel 12 tilsette, men som no raskt vert utvida til om lag 15 tilsette. Rekruttering til feire spennande stillingar er difor no på gong. I tillegg har Stadt eit team som er lokaliserte ut i verda der mykje av produksjon og salg foregår.
EIGENUTVIKLA SYSTEM
Stadt skal stå for ei omfattande engineering og leveranse av energi- og framdriftsteknologi for skipa, basert på sitt eigenutvikla Stadt Lean Propulsion-system for heil-elektrisk skipsframdrift.
Teknologien til Stadt er nyleg utprøvd av det norske sjøforsvaret, og målingar gjort av dei syner at teknologien har viktige eigenskapar som overgår andre teknologiar som er på marknaden - med omsyn til mellom anna støy, effektivitet og pålitelegheit over tid.
FORSVARSSENSITIVE PROSJEKT.
Detaljar rundt prosjektet vil ikkje vert offentleggjort, slik det ofte er i forsvarssensitive prosjekt.
Hallvard Slettevoll , som er daglag leiar i Stadt NAVAL , seier at kontrakta vil få mykje å seie for den vidare utviklinga for selskapet i Gjerdsvika.

Relaterte artikler
-
Stadt har opna nytt kontor i Singapore
1 år siden -
Storleveranse frå Stadt AS
3 år siden -
Nytt maritimt senter i Gjerdsvika
7 år siden -
Offshorekontrakt til Stadt i Asia
10 år siden -
Internasjonalt gjennombrot for Stadt
11 år siden