Stor siger for Fiskebåt

Publisert: 29.03.2021 kl. 13.12
Fiskeinteresser vann over havvind på Havsul 1.  Foto: NVE
Fiskeinteresser vann over havvind på Havsul 1. Foto: NVE
Olje- og Energidepartementet har avgjort at det ikkje blir utsatt igangssettingsfrist for vindkraftprosjektet Havsul I. Dette er ein stor siger for Fiskebåt som har jobba aktivt for at det ikkje skulle bli gitt ytterlegare utsetting.

- Vi er glade for at Olje- og energidepartementet har høyrt på våre innspel i denne saka og avslått søknaden om ytterlegare utsetting, seier informasjonsleiar i Fiskebåt, Odd Kristian Dahle. 

Det har skjedd mykje på dei 12 åra etter at konsesjonen blie gitt, og ein stor del av grunnlaget er uttdatert.Havsul I er planlagt i eit svært viktig gytefelt for NVG-sild (Norsk vårgyttande sild) og andre fiskeartar.

– Ei utbygging i dette området ville utgjere ein stor trussel mot både gyting og fiskeriinteressene. Vi håpar vidare at dette avslaget er eit signal om at styresmaktene framover vil ta meir omsyn til fiskeriinteressene i samband med vindkraftkonsesjonar. 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler