MARITIMT
Storleveranse frå Stadt AS
Publisert: 13.11.2019 kl. 15.39 | Oppdatert: 20.11.2019 kl. 11.59
Stadt AS melder om ein massiv leveranse til ankerhandteringsfartøyet SK Kinetik.
SK Kinetik er det åttande skipet Stadt setter i drift for Nam Cheong i Singapore. Skipet er eit ankerhandteringsfarty med 85 tonns slepekraft, og bygd i Kina etter ABS sine klassekrav for den internasjonale marknaden.
CEO Hallvard Slettevoll i Stadt AS fortel at det dieselelektrisk framdriftssystemet på skipet er ein omfattande Stadt-leveranse, med hovedtavler, Lean Drives, elektrisk framdriftsmotorar, krafttransformatorar, sidepropellstyringar, PMS-system, osv. Ankerhandteraren har Kongsberg DP system og Kongsberg azimuth hovedpropellar.
SK Kinetik er det 8. skipet bygd av Nam Cheong med Stadt elektrisk framdrift. Slettevoll bekreftar at dette pr i dag er største kunden til Gjerdsvikbedrifta gjennom tidene. Han er ekstra glad for at Nam Cheong uttrykker stor tilfredsheit med driftserfaringane gjennom fleire år med den patenterte Lean Drive-teknologien.
– Vi ser at det vi lovde med 30 års levetid vil halde stikk, noko som var utenkjeleg med den komplekse teknologien vi før jobba med her i Gjerdsvika, avsluttar Slettevoll.

Relaterte artikler
-
Stor forsvarskontrakt til Stadt
3 uker siden -
Island Victory sette ny rekord
3 år siden -
Solide tall for Stadt
4 år siden -
Nytt maritimt senter i Gjerdsvika
7 år siden -
Designkontrakt til Skipsteknisk
7 år siden
Kommenter denne artikkelen