Trippeldåp for Fjord1

Publisert: 08.11.2010 kl. 09.55 | Oppdatert: 18.10.2016 kl. 10.30
Gudmødrene
Gudmødrene


30 år etter at Lech Walesa samla arbeidarane om Solidaritet ved Gdansk Shipyard, samlar Danuta Walesa folk om miljøvenleg teknologi på norske fjordar. Walesa var gudmor for Fjord1 si nyaste gassferje Korsfjord, som skal trafikkere Flakk-Rørvik sambandet i Sør-Trøndelag. Saman med norske gudmødrer og spesielt inviterte, feira ho trippeldåp ved Northern Shipyard, dotterselskap til Remontowa Shipyard i dag.

Dei to andre miljøvenlege ferjene Storfjord og Hjørundfjord skal trafikkere sambandet Festøya – Solavåg i Møre og Romsdal, med venta oppstart i februar og mars 2011.

Med dei nye ferjene vil Fjord1 ha til saman 68 ferjer i drift langs kysten.

Trøndelag får dermed eit heilt spesielt knippe av miljøvenlege ferjer på fjorden; verdas første gassferje Glutra, verdas første ombygde ferje til gassdrift Tresfjord, og verdas nyaste gassferje Korsfjord. For dei reisande på Flakk-Rørvik sambandet i Sør-Trøndelag vil gassferjene tilby eit miljøvenleg tilbod med vesentleg reduksjon i utsleppa av nitrogenoksid (NOx).

– Samanliknar ein gassferjene våre med konvensjonelle dieseldrivne ferjer, er NOx-utsleppa redusert med rundt 90 prosent. På Flakk-Rørvik sambandet gir dette ein NOx-reduksjon som tilsvarar å ta om lag halvparten av dei registrerte personbilane i Trondheim ut av trafikk, seier administrerande direktør i Fjord1 MRF Anker Grøvdal.

– Fordi naturgass er eit reint drivstoff vil så godt som alle utslepp av partiklar og svovel fjernast, seier Grøvdal. Han peikar og på at CO2-reduksjonen vil bli i overkant av 20 prosent samanlikna med dieseldrivne ferjer. Vidare er val av skrogdesign, framdriftsanlegg og optimalisering av propellar viktige faktorar i ytterlegare miljøsparingar.

Kim Idar Giske

kim[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler