Ulstein-design til hybrid tungtransportfartøy

Publisert: 22.06.2022 kl. 12.26
Utstyrt med nullutsleppsteknologi, er DP-2-fartøyet det første i sitt slag: Illustrasjon Ulstein Design & Solutions B.V.
Utstyrt med nullutsleppsteknologi, er DP-2-fartøyet det første i sitt slag: Illustrasjon Ulstein Design & Solutions B.V.
Vallianz Holdings Limited, Singapore, har skrive kontrakt med Ulstein Design & Solutions BV, Nederland, for utviklinga av sitt nye, hybride tungtransportfartøy (HTV). Det nye fartøyet, eit kundetilpassa ULSTEIN HX120-design, har ‘dual-fuel’-motorar og eit batterienergilagringssystem.

Fartøyet er designa for operasjonar over heile verda, mellom anna til den aukande transportetterspurnaden i havvindindustrien i tillegg til frakt av LNG-modular og offshore-strukturar. 

Dimensjonane er optimaliserte for å støtte Vallianz sin forretningsplan om å ikkje berre transportere dei ulike delane til ein vindturbin (understell, monopåle, overgangsstykke, turbinblad), men også såkalla ‘float-over’-operasjonar.

FØRSTE I SITT SLAG 
Utstyrt med nullutsleppsteknologi, er DP-2-fartøyet det første i sitt slag, då det vil bli drive av eit hybridkraftsystem med ‘dual-fuel’-motorar og eit batterienergilagringssystem. Det elektriske batterisystemet blir levert av kanadiske Shift Clean Energy, medan Bureau Veritas har ansvaret for klassifiseringa av fartøyet.

Vallianz sin nye HTV er designa med ULSTEIN X-BOW® som bidreg til redusert energiforbruk, meir komfortable og sikrare operasjonar når skipet går gjennom sjøen.

– Sidan 2010 har havvind vore ein fokusmarknad for Ulstein, seier Cathrine Kristiseter Marti, konsernsjef i Ulstein Group. – Med våre referansar innan SOV-skip (Service Operation Vessels), tungløftsfartøy og steininstallasjonsskip, har vi bygd opp ein sterk posisjon som ein skipsdesignar innan havvindinstallasjon og -vedlikehald.

– Strategien vår er å utvide aktiviteten vår til fartøy innan havvindlogistikk, fortel Edwin van Leeuwen, administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions BV, og legg til: – Ambisjonen vår er å bli det føretrekte designselskapet for denne typen fartøy. Vi er takksame for tilliten som vert vist oss frå Vallianz, og vi ser på denne avtalen som ein viktig milepåle i strategien vår.

For å markere samarbeidet deltok representantar frå Vallianz, Ulstein, Shift og Bureau Veritas på ein signeringsseremoni på Ulstein sitt designkontor i Rotterdam, Nederland.

Hovuddimensjonane til fartøyet:
Lengde over alt (LOA)   173.8 m            
Breidde (moulded)          42.0 m            
Djupne                              13.3 m            
Dekksareal                 > 6,000 m2
Fri dekkslengde                145 m
Dekksstyrke                    25 t/m2
Djupgang (design)            7.0 m
Innreiing                             30 p

 
 

Ulstein Design & Solutions B.V.
  • Spesialiserer seg på design og utvikling av nyskapande skip for energimarknaden offshore, frå enkle til svært komplekse skip, der ein bidreg til å utvikle marknaden med berekraftige løysingar. 
  • I tillegg til design for nybygg, er Ulstein Design & Solutions aktivt involvert i rådgjeving og moglegheitsstudiar for oppgradering av fartøy.

ULSTEIN 
  • Eit familieeigd konsern med hovudkontor i Ulsteinvik. 
  • Ulstein leverer produkt og tenester innan skipsdesign, skipsbygging og utstyrspakkar til den internasjonale marknaden innan segment som havvind, ekspedisjonscruise og offshore olje og gass. 
  • I over 100 år har Ulstein vore assosiert med innovasjon og kvalitet innan design og levering, og møter dei krevjande maritime utfordringane ved å seie ja til endringar og identifiserer moglegheiter. 
  • Ulstein sin visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar.

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler