Ulstein designar forskingsskip til Sør-Korea

Publisert: 01.06.2021 kl. 11.09
Fartøyet er designa for å inkludere ei rekke installert utstyr. Illustrasjon: Ulstein.
Fartøyet er designa for å inkludere ei rekke installert utstyr. Illustrasjon: Ulstein.
Ulstein har inngått ein designavtale knytt til bygginga av eit ULSTEIN SX134-design ved Hanjin Heavy Industries & Construction Co., Ltd, Busan, Sør-Korea (Hanjin)  for Korea Institute of Geoscience and Mineral Resources (KIGAM). 

Fartøyet vil vere 92 meter langt og 21 meter breitt og skal oppfylle dei generelle krava frå den seismiske og oseanografiske forskingsindustrien for operasjonar med seismiske lyttekablar og seismiske havbotnsnodar, seismisk kartlegging med høg oppløysing, havbotnundersøkingar og prøvetaking av sediment.

Fartøyet vil fungere som ein base for opp til 30 forskarar, og vil i tillegg ta i mot eit mannskap på opp til 20. Fartøyet er designa for å inkludere ei rekke installert utstyr, mellom anna eit 3D-/4D-seismisk 8-streamer-system, eit høgkvalitets 2D-/3D-seismisk P-kabelsystem, eit multikomponent OBN-system, eit system for marine gravitet og magnetisme, fleir- og enkeltstråleekkolodd og tilleggsutstyr for akustiske lydsystem til sjøs. Sedimentprøver og geokjemisk analyseutstyr er tilgjengeleg for forskarar om bord.

SVÆRT EIGNA 
Skroglinjedesignen X-BOW® gir reduksjon i slag og vibrasjonar, noko som gjer dette designelementet svært eigna for forskingsoperasjonar. Denne utforminga aukar driftsprofilen og reduserer fartstapet  og vil forbetre registreringa av data når skipet er i arbeid. Designet, utstyrt med moderne teknologi og system, sikrar effektive operasjonar med redusert drivstoff-forbruk og redusert miljøavtrykk. 

Komforten til mannskapet er også forbetra: 
–  Dei rolegare rørslene i skip med X-BOW® har stor innverknad på mannskapet sitt velvære, fortel overstyrmannen på eitt av Ulstein sine tidlegare leverte X-BOW®-seismikkskip.

I 1996 leverte Ulstein Verft bygg nr 246, seismikkskipet «Tamhae II», til KIGAM. – Ulstein er veldig glade for å bli tildelt denne kontrakten med Hanjin. Det at KIGAM igjen kjem til Ulstein som leverandør av design for det nye fartøyet sitt er viktig for oss og stadfestar at vår satsing på designoptimalisering, kostnadseffektive løysingar og kvalitet, og eigaren sine operasjonelle og funksjonelle krav, no gir resultat, seier Lars Ståle Skoge, commercial director i Ulstein Design & Solutions AS.
 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler