Ulstein leverer Blue Prosper

Publisert: 06.09.2012 kl. 13.25 | Oppdatert: 18.10.2016 kl. 09.30
Blue Prosper
Blue Prosper


– Vi har hatt veldig god flyt i dette prosjektet, og har dratt veksel på dei erfaringane vi gjorde oss under bygginga av det første fartøyet i denne serien, Blue Fighter, seier Karsten Sævik, administrerande direktør i Ulstein Verft.

– Fartøya vart bestilte utifrå signal i marknaden om framtidig vekst i etterspurnaden etter denne typen PSV. Blue Prosper går inn i spotmarknaden i Nordsjøen og vil verte drifta av Remøy Shipping, som allereie driftar Blue Fighter med gode resultat, seier Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group og administrerande direktør i Ulstein Shipping.

Ulstein Verft vann kontrakten på bygging av dei to første av dei seks skipa til Blue Ship Invest, eit selskap i Ulstein Group, mot slutten av 2010. Ein vedvarande positiv marknadstrend kombinert med veldig gode tilbakemeldingar på Blue Fighter etter nokre månadar i operasjon, førte til at Blue Ship Invest kontraherte ytterleg fire fartøy av same designen i juni i år.

– Blue Ship Invest er eit investeringsselskap, ikkje eit rederi, og alle seks fartøya er til sals, avsluttar Gunvor Ulstein.

Effektivitet og fleksibilitet har vore i fokus under utviklinga av PX121. Med optimale tankkapasitetar og fleksible tankarrangement er det multifunksjonelle fartøyet høveleg for mange forskjellige serviceoppdrag. Skipet er tilpassa behova for djupare og lengre borehol og operasjonar lengre frå land. I tillegg til tankar for drivstoff, ferskvatn og borevæsker, har skipet fire tankar for brannfarlege væsker.

Skipet er bygt med X-Bow skroglinjeform, ei form som er særs godt eigna for denne type fartøy. X-Bow gir effektivitetsfortrinn ved ulike djupgangar, noko som er spesielt viktig for PSV-fartøy, då dei går med varierande mengde last. I tillegg har X-Bow unike fordelar i form av mjuke rørsler og framdriftseffektivitet i grov sjø. Både skrog og framdriftssystem gjer fartøyet spesielt godt tilpassa forholda i Nordsjøen og Nord-Atlanteren. Skipet er utstyrt med dynamisk posisjoneringssystem IMO klasse II.

Skipet er 83,4 meter langt og 18 meter breitt. Dekksarealet er 850 kvadratmeter og lastekapasiteten er på 4200 dødvekttonn. Skipet oppfyller DNV sine krav til notasjonen Clean Design og er forberedt for brannsløkking Fi-Fi-klasse II. Fartøyet har ei maksimumsfart på omlag 16 knop og lugarkapasitet for 24 personar.

Ulstein Power & Control har levert mykje utstyr til dette skipet, blant anna tavler, informasjons- og kommunikasjonssystemet Ulstein COM, integrerte navigasjonssystem med multifunksjonelle arbeidsstasjonar, og det integrerte automasjonssystemet Ulstein IAS.

Dei resterande fire skipa av denne designen skal leverast frå Ulstein Verft i løpet av 2013.

Kim Idar Giske

redaksjon[a]maritimt.com

Relaterte artikler