MARITIMT
Ulstein med gode tal for 2023
Ulstein Group hadde i 2023 ei omsetning på 1,4 milliardar kroner og eit driftsresultat på 49 millionar kroner. Kunnskap og erfaring frå Ulsteins meir enn hundreårige historie har skapt ein dynamisk og endringsvillig organisasjon som vi no dreg nytte av i overgangen til ei grønare og etterkvart meir fossilfri framtid, heiter det i ei melding frå konsernet.
Høg aktivitet
Av nybygg har heile ti havvindserviceskip (CSOV) med TWIN X-STERN-skroget vorte kontraherte dei siste to åra, noko som gir ein solid introduksjon til marknaden. TWIN X-STERN, der hovudframdriftseiningar er monterte både i baug og akterskip, bidreg til auka drivstoffeffektivitet og operabilitet. Koplinga mellom operasjonelle utfordringar og bruk av ny teknologi driv oss og næringa vidare, og våre langsiktige strategiske mål “berekraftig vekst, internasjonalisering og innovasjon” ligg fast.
Ulstein har hatt eit høgt aktivitetsnivå i 2023, spesielt innan ettermarknad og service.
Fornybar energi
Ulstein Verft hadde ved utgangen av 2023 sju nybyggkontraktar i ordreboka, alle innan fornybar energi, og seks av sju baserte på design frå Ulstein Design & Solutions AS. I tillegg kjem ei auke innan service og ettermarknad. I 2023 handterte Ulstein Verft meir enn 20 skip for 14 forskjellige kundar. Tenestene femner om livssyklusservice, oppgraderingar, klassing og dokkingar, som også fører til leveransar frå fleire Ulstein-bedrifter.
I tillegg har Ulsteins designbedrift i Nederland inngått fleire designavtalar. Totalt har Ulstein gjennomført ein stor del design- og engineeringsprosjekt i 2023.
Medan snart 150 Ulstein-designa skip segla rundt på verdshava i 2023, er det meir enn tre gongar så mange som har kraft- eller automasjonssystem frå Ulstein. I løpet av 2023 kom det inn ei mengd nye serviceoppdrag innan marin automasjon og kraftsystem frå heile verda.
Tildelt prisar
Konseptskipet ULSTEIN THOR vart tildelt prisen Concept Vessel of the Year og hekktrålaren ECOFIVE vart kåra til Årets Skip. Trålaren har fleire nyvinningar som samla gjer fiskeflåten grønare. Ulstein har mellom anna utvikla den nyskapande trålløysinga der fangsten blir tatt inn under vasslinja og halden levande fram til prosessering, noko som held kvaliteten høg. Det hybride framdriftssystemet og energieffektiviserande tiltak gir redusert drivstoff-forbruk og utslepp.
Geopolitiske utfordringar
Også i 2023 har den globale utviklinga vore prega av geopolitiske utfordringar. Inflasjonen har vore høg, noko som har ført til auka prisar på materialar, lønningar og renter. Dette har pressa opp prisane på nybygg. På den andre sida har ei historisk svak norsk krone bidrege til å styrkje konkurranseevna til norsk eksport, og norsk verftsindustri er meir konkurransedyktig enn på lenge.
Utviklinga av Ulstein Groups resultat framover vil i stor grad framleis verte påverka av geopolitiske forhold, marknadsetterspørselen i våre prioriterte segment, inflasjon og tilgang på kvalifisert arbeidskraft, i tillegg til norske myndigheiter si forståing og tiltak for den maritime klynga.
Ulstein Group sine hovudtal for 2023:
Driftsinntekter:1,4 milliardar kroner (2022: 633,4 mill. kr)
Driftsresultat: 49,2 millionar kroner (2022: - 13,0 mill. kr.)
Resultat før skattekostnad: 40,0 millionar kroner (2022: - 28,3 mill. kr)