MARITIMT
Vann prestisjefylt EU-pris i Brussel
Publisert: 22.11.2024 kl. 08.29
Hydrogenfartøyet FPS Waal som går i rute på Rhinen i Nederland og Tyskland. Foto: Clean Hydrogen Partnership
Maritime CleanTech med mange norske partnarar, stakk av med «Best Outreach Award» under EUs hydrogenveke i Brussel onsdag.
Maritime CleanTech sitt FLAGSHIPS-prosjekt vann prisen for arbeidet med å demonstrere verdas første hydrogenfartøy på elvar i Europa.
På scenen under EU Hydrogen Week i Brussel, blei arbeidet til FLAGSHIPS-samarbeidet hylla av Valerie Bouillon-Delporte, direktør i Clean Hydrogen Partnership:
– FLAGSHIPS går føre som eit godt eksempel ved å demonstrere potensialet til hydrogen og inspirere både samfunn og industri til å støtte berekraftig maritim transport verda over. Gratulerer med denne velfortente utmerkinga!
BANEBRYTANDE PROSJEKT
– Dette er ei stor ære, både for partnarane i prosjektet og for Maritime CleanTech som industrisamarbeid. Å sørga for at ny kunnskap og informasjon når ut til industrien og samfunnet er sentralt når me utviklar grøn teknologi og nye verdikjeder. EU gjer det mogleg for oss å utvikla og demonstrera reelle løysingar som kan bidra til utsleppskutt frå skipsfarten. Denne prisen er ei anerkjenning av det viktige arbeidet me gjer for å løfta fram potensialet i internasjonale marknader, seier Ada Jakobsen, administrerande direktør i Maritime CleanTech.
Med støtte frå EU banar FLAGSHIPS-prosjektet veg for ein ny æra med grøn skipsfart ved å drifta to hydrogen-drivne fartøy på Europas elver. H2Barge2, eit ombygd lastefartøy, seglar i dag på Rhinen mellom Rotterdam og Duisburg.
Nybygget Zulu 06 skal lanserast på Seinen i Paris 3. desember. Begge desse fartøya bruker hydrogen-PEM-brenselceller og batteriteknologi, og set nye standardar for utsleppsfri logistikk.
Saman med Maritime CleanTech har også bedrifter som ABB, LMG Marin, SEAM og Norled spela viktige roller i teknologiutviklinga.
– Gjennom FLAGSHIPS-samarbeidet banar me veg for utsleppsfri lastetransport på sjø. Me viser at hydrogen fungerer i stor skala. Ved å bevise dette i praktisk drift, legg vi grunnlaget for ei meir berekraftig framtid innan skipsfart. Eg er stolt over å sjå at desse teknologiløysingane vekker global interesse, seier Ada Jakobsen.
STOLTE PRISVINNARAR
Direktør for marknadsutvikling i Maritime CleanTech, Håvard Tvedte, var på plass i Brussel for å ta imot den ærefulle prisen onsdag kveld.
– Denne prisen er eit resultat av godt samarbeid mellom aktørar over heile Europa. Det er viktig å få fram bodskapen om at hydrogen fungerer til sjøs – det har samarbeida våre vist både når det gjeld flytande og komprimert hydrogen. Dette heng også saman med den pågåande oppskaleringa av produksjon av hydrogen langs kysten heime. Anerkjenninga frå EU gir oss ekstra motivasjon til å halda fram det viktige omstillingsarbeidet, seier Tvedte.
Om Maritime CleanTech
Prosjektpartnarar i FLAGSHIPS
Om FLAGSHIPS

- Maritime CleanTech er eit offentleg-privat samarbeid som skal utvikla grøn skipsfart.
- Organisasjonen har 150 medlemsbedrifter, og fokuserer på å realisera banebrytande teknologiar og løysingar som bidreg i omstillinga til utsleppsfri maritim industri.
- Maritime CleanTech har ei brei portefølje av aktivitetar for å utvikla marknader for grøne løysingar for ulike fartøy, deriblant fleire store EU-prosjekt.
Prosjektpartnarar i FLAGSHIPS
- Maritime CleanTech, Norled, LMG Marin, SEAM, VTT, Sogestran, Future Proof Shipping, CFT, ABB, Persee og Ballard Power Systems, med finansiering frå Clean Hydrogen Partnership.
Om FLAGSHIPS
- FLAGSHIPS-prosjektet demonstrerer utsleppsfri sjøtransport gjennom to kommersielt drivne hydrogenfartøy.
- Begge fartøya brukar komprimert, rein hydrogen som drivstoff og PEM-brenselcelleteknologi.
- Lansert i februar 2024, opererer Future Proof Shippings H2Barge2 (1,2 MW) den 240 kilometer lange ruta mellom Rotterdam (NL) og Duisburg (DE) på Rhinen.
- Det andre demofartøyet, Zulu 06 (400 kW), vil operere på elven Seinen i Paris for Sogestran frå desember 2024.
Relaterte artikler
-
Banebrytende hydrogenfartøy lansert i Paris
1 uke siden -
160 millionar EU-kroner til nullutsleppsskip
1 år siden -
Ny DNV-rapport: Energiutslippene vil nå toppen i 2024
2 måneder siden -
Slik planlegges neste generasjon hurtigruteskip
2 måneder siden -
Kritiserer endring i beslutningen om nullutslipp
3 måneder siden -
Skal redusere skipsfartens CO2-utslip
5 måneder siden