Viking Prince sjøsett ved Kleven

Publisert: 21.11.2011 kl. 14.12 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.01
Viking Prince
Viking Prince


Laurdag 19. november vart det LNG-drivne fartøyet Viking Prince sjøsett frå beddingen på Kleven Verft. Frå skrogmodulane kom til fartøyet er ferdig samanstilt på bedding har det kun gått knappe åtte veker, skriv Kleven Maritime i ei pressemelding.

Kleven Maritime er den leiande leverandøren av gassdrivne fartøy, med fem fartøy levert, og tre nye i ordreboka, inkludert Viking Prince. Eidesvik Offshore og Kleven Maritime var saman pionerar ved bygginga av verdas fyrste gassdrivne supplybåt, Viking Energy, i 2003.

Viking Prince skal leverast i mars 2012. Det neste LNG-fartøyet frå Kleven Verft vert søsterskipet til Viking Prince, som skal leverast i september 2012. I tillegg skal verftet bygge eit LNG-drive fartøy for Rem Offshore, og dette skal leverast om eit drøyt år.

Dødvekta er på heile 6 500 tonn, lengde 90 meter, breidde 21 meter, dekksarealet er på over 1 050 m2. Dei miljøvenlege LNG dual fuel motorane sikrar lave utslepp av NOx og reduserte utslepp av CO2. I tillegg er fartya utrusta med reinsesystem for ballastvatn, som er eit komande miljøkrav for denne type farty.

Kleven Maritime har ein ordrereserve på 10 skip til ein samla verdi på i underkant av 4 milliardar kroner.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler