Vikingskip sett av titalls millionar på Instagram

Publisert: 22.11.2024 kl. 10.00
Myklebustskipet på Eidsfjorden under sjøsettinga i 2024 Foto:: Øystein Torheim
Myklebustskipet på Eidsfjorden under sjøsettinga i 2024 Foto:: Øystein Torheim
Sagastad Vikingsenter har sidan sjøsettinga av Myklebustskipet i april  i år fått følgjarar verda over.

Interessa for Noregs største vikingskip imponerer. Vikingsenteret har nådd over 85 millionar menneske på sosiale media og vakse frå 6500 følgjarar på Instagram til snart 100.000 på knapt eit halvt år. Dei er no Noregs nest største attraksjon på Instagram. Alt dette organisk utan bruk av annonsekronar. 

Det største resultata på Instagram for Sagastad er definitivt historia om flaskeposten som vart funne under under gravingane av Myklebusthaugen på Nordfjordeid i haust. 

OVER 24 MILLIONAR VISNINGAR 
– Vi la ut reelen rett før sist helg, og den har no over 24 millionar visningar, vi konkurrerer med dette med reklamereelen Tom Cruise la ut 2 dagar tidlegare av den nye Mission Impossible filmen. Denne har nådd  28 millionar,  seier Jacob Bredesen som har ansvar for Instagram ved Sagastad

– Vi har følgt opp med 2 fleire reels om temaet, begge desse har også fleire millionar visningar og visar at interessa for desse utgravingane er enorm, konkluder han.

– Det er utruleg gøy at vikinghistoria på Nordfjordeid engasjerer folk rundt om i heile verda, seier Jacob Bredesen .

Veksten er nærast uhøyrt for ei norsk bedrift, Sagastad har sust forbi godt etablerte aktørar som Komplett.no, Noregs største nettbutikk, samt dei store vikingmusea som Vikingmuseet i Oslo, Vikingskipsmuseet i Roskilde og Vikingmuseet i Stockholm. No står berre dei store mediehusa igjen, men Sagastad har alt tatt igjen både Dagbladet, VG Sporten og TV2 Nyheiter målt i følgjarar. 

– Veksten har ikkje roa seg, vi har ein stødig god vekst kvar dag. Vi har grusa alle prognosar gjennom året, og  siktar no mot 250.000 følgjarar mot slutten av 2025. Innan 2028 er målet 1 million,  seier ein engasjert Bredesen

VIRALE REELS 
Drivaren for veksten var utan tvil sjøsettinga av Myklebustskipet. Totalt har over 65 millionar menneske sett innhald frå sjøsettinga. Dette er halvparten av sjåarane av Eurovision finalen til samanlikning. Alt dette organisk utan å ha brukt ei einaste annonsekrone.

– Dei heile starta med utdraginga av båten. Den originale reelen har nesten 6 millionar visningar på Instagram, og vel 1.5m til på Facebook. Den er også reposta av fleire andre kontoar som til dømes Visit Norway der den fekk over 1.2 millionar visningar, seier Bredesen og held fram:

– Frå dette tidspunktet har det gått jamnt. Vi har no 9 reels i millionklassen når det gjeld visningar, og 28 som har over 100 000 visningar. Dette er eit resultat vi er godt nøgde med.

KJENDISAR OG INFLUENCERA 
Vikingsenteret planlegg no eit langt større sjøsettingsarrangement i 2025, med store namn på gjestelista. Utanlandske influencera med mange millionar følgjarar skal ta turen, samt ein del kjendisar fra inn og utland.

Tidlegare har Sagastad mellom anna lagt ut ein reel av Myklebustskipet med Supercar Blondie, ein av verdas største influencera med ein kombinert følgjarskare på over 110 million menneske. Reelen blei delt med hennar over 59 millionar følgjarar på Facebook.

– Sjøsettinga neste år kan bli det arrangementet i Noreg med største rekkevidde på sosiale media, kanskje i heile Skandinavia. Marknadsarbeidet her er svært ambisiøst, men vi har trua., seier Bredesen

Sjøsettinga i 2025 vert frå 23. april til 30.april og det er venta svært stor pågang.

Amerikanske Forbes har skreve varmt om vikingsenteret, og har gått so langt som å framheve Nordfjordeid som ein "must-see" destination framfor dei meir kjende i Noreg nettopp grunna opninga av Sagastad.

Sagastad Vikingsenter 
  • Sagastad Vikingsenter er eit spennande opplevingssenter med vikinghistoria frå Nordfjordeid, ei historie om kongar, maktkampar, store reiser, mytologi og mystiske ritual.
  • Det 30 meter lange Myklebustskipet – ei gjenbygging av Noregs største kjende vikingskip. Leik deg gjennom utstillinga med VR oppleving og interaktive installasjonar. 
  • Utstillinga i senteret er tilgjengeleg på norsk, engelsk, og frå 2023 også på tysk. Sagastad er eit moderne senter som opna i 2019. 
  • Senteret ligg like ved fjorden i sentrum av bygdebyen Nordfjordeid. 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Relaterte artikler