Vurderer hydrogenbrenselsceller for containerskipskonsept

Publisert: 07.07.2021 kl. 12.28
Computer-framstilling av design for eit containerskip med X-BOW. Illustrasjon: Ulstein.
Computer-framstilling av design for eit containerskip med X-BOW. Illustrasjon: Ulstein.
Nyleg annonserte EDGE Navigation og Ulstein samarbeid om konseptdesign for eit X-BOW-containerskip der selskapa ville legge til rette for grøne kraftløysingar for fossilfrie operasjonar. No er partnarane i gong med å vurdere bruken av modulære hydrogenbrenselsceller for å oppnå fossilfri framdrift, og samarbeider med ABB for å utvikle løysinga basert på brenselsceller frå Ballard Power Systems.
 
– Hydrogen er i ferd med å vekse fram som framtidig energiberar på tvers av bransjar, og vi er glade for å jobbe saman med ABB og Ballard Power Systems om å utvikle ei løysing for modulære hydrogenbrenselsceller for designa som Ulstein Design & Solutions AS utviklar. Ved å utvikle eit nytt, effektivt design for containerskip, som også inkluderer ULSTEIN X-BOW®, vil vi forenkle overgangen til grøn energidrift for containerskip. I EDGE Navigation har vi ein ambisjon om å få økonomiske, skalerbare containerskip med fossilfri framdrift ut i marknaden innan 2025. Med Ulstein si innovative tilnærming vil vi ha fleksibilitet på designsida til å kunne tilpasse fartøya til befraktarane sine ønske om drivstoff, seier Jakob Tolstrup-Møller, administrerande direktør i EDGE Navigation.
 
PARADIGMESKIFTE 
– Frakteskipa står for tre prosent av dei globale klimagassutsleppa (greenhouse gas - GHG). Med dei fallande kostnadene innan fornybar energi og teknologi kan vi få utvikla nye, effektive design som vil legge forholda til rette for energiomstillinga i den maritime industrien. Eit paradigmeskifte innan kva energi som vil bli brukt til maritimt drivstoff framover vil vere uunngåeleg. Ein kvar innsats for å redusere dei globale GHG-utsleppa må også omfatte investeringar i å redusere GHG-utsleppa i den globale forsyningskjeda, slår Tolstrup-Møller fast.
 
– Med den stadig aukande etterspurnaden etter løysingar for berekraftig og ansvarleg skipsfart, er vi sikre på at hydrogenbrenselsceller vil spele ei viktig rolle i å hjelpe den maritime industrien til å nå måla for CO2-reduksjon. Vi er glade for å samarbeide med Ulstein og EDGE Navigation om å utforske løysingar for eit berekraftig containerskip med ei innovativ brenselscelleløysing som ABB utviklar saman med Ballard Power Systems, seier Jostein Bogen, som er Global Product Line Manager for Electric Solutions, ABB Marine & Ports.
 
SÆRLEG STOR VERDI 
Jesper Themsen, som er administrerande direktør i Ballard Fuel Cell Systems Europe AS, utdjupar: 
– PEM-brenselscellesystema våre gir ei nullutsleppsløysing med særleg stor verdi for applikasjonar som treng medium til stor kraftyting, blant anna fartøy, bussar, lastebilar og tog. Vi er glade for å samarbeide med ABB om å følgje opp behova til den maritime industrien, og for at Ulstein og EDGE Navigation ønskjer å bruke Ballard sitt brenselscellesystem til X-BOW containerskip.
 
– I denne fasen der vi skal utvikle konsept for dei framtidige, grøne X-BOW containerskipa er det viktig å kunne samarbeide med framtidsretta aktørar, seier kommersiell direktør i Ulstein Design & Solutions, Lars Ståle Skoge, og legg til: – Vi set pris på at ABB og Ballard bidreg inn i dette stadiet av prosjektet.

SELSKAPA: 
  • EDGE Navigation er eit maritimt oppstartsselskap med fokus på å utvikle kommersielle skip med fossilfri framdrift slik at omstillinga til fornybar energi kan bli mogleg. Selskapet har base i Oslo.
  • Ulstein har hovudkontor i Ulsteinvik. Ulstein leverer produkt og tenester innan skipsdesign, skipsbygging og utstyrspakkar til den internasjonale marknaden. 
  • ABB er eit leiande globalt teknologiselskap som driv omstillinga av samfunnet og industrien for å oppnå ei meir produktiv og berekraftig framtid. Gjennom å kople programvare til produkta sine innan elektrifisering, robotisering, automatisering, motorar og omformarar, skaper ABB løysingar som løftar moglegheitene i teknologien til nye høgder. ABB sin framgang byggjer på meir enn 130 års teknologisk leiarskap og vert drive framover av rundt 105.000 talentfulle medarbeidarar i over 100 land.  
  • Ballard Power Systems leverer grøne energiprodukt som reduserer kostnader og risiki for kunden, og hjelper kunden å løyse vanskelege tekniske utfordringar eller handtere nye forretningsmoglegheiter.

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler