Yacht sjøsatt frå Kleven Verft

Publisert: 30.08.2014 kl. 14.21 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
Bnr. 366
Bnr. 366


I dag vart byggnr. 366 sjøsett frå beddingen på Kleven Verft. Fartøyet er noko ganske anna enn offshorefartøya som vanlegvis vert bygde ved verftet.

Det 107 meter lange spesialfartøyet er luksuriøst men samtidig svært robust og sjødyktig. Det er designa av Marin Teknikk i Herøy, og er særs godt eigna for lengre ekspedisjonar i tøffe farvatn.

Eigarane av fartøyet, Robyn og Graeme Hart frå Auckland, New Zealand, var tilstades under sjøsettinga. Dei er erfarne yachteigarar med mange nybyggingsprosjekt bak seg.

– Dette er eit svært spennande prosjekt for oss, seier Graeme Hart. – Vi har vore rundt på verftet og om bord i fartøyet, og eg er svært godt fornøgd med Kleven Verft og det arbeidet som har blitt gjort her så langt.

Konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen, trekk også fram det nære og gode samarbeidet som har prega prosjektet:

– Vi har utvikla og bygd mange fartøy i samarbeid med Marin Teknikk, og dette prosjektet stadfestar at utvikling og nytenking har gode kår når partane kjenner kvarandre så godt som vi gjer. Vi har også fått ein svært god relasjon til kunden etter å ha arbeidd saman om dette prosjektet i halvtanna år. Prosjektet viser at vi også kan levere innan denne heilt spesielle marknaden. Det er spennande tider, seier Ståle Rasmussen.

Fartøyet vil få namnet "Ulysses" når det vert overlevert på våren 2015.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler