Ingrid Løset slår alarm om spøkelsesfiske

Publisert: 20.03.2020 kl. 14.30 | Oppdatert: 20.03.2020 kl. 16.15
Hummar sittande fast i spøkelsesgarn. Foto: Ingrid Disch Løset
Hummar sittande fast i spøkelsesgarn. Foto: Ingrid Disch Løset

Tapt fiskereiskap som teiner, garn og ruser forsøplar havet og påfører sjødyr og fisk skade og liding. Spøkelsesfiske kan dermed utgjera ein trussel for fiskeri, fiskebestand og marine økosystem.

Fiskereiskap som eigaren har mista eller gløymt att blir ståande i sjøen og kan dermed fanga fisk og skalldyr i årevis. Daude og skadde organismar som er fanga trekkjer til seg åtseldyr, annan fisk og sjødyr som sjølve blir fanga i ein langvarig runddans.

SPØKELSESFISKET
Dette er litt av bakgrunnen for det såkalla spøkelsesfisket som Ingrid Løset, student ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet i Ås (NMBU) sette søkelyset på i mastergradoppgåva innan marinbiologi. 

– Omfanget og konsekvensane av tapte fiskereiskapar er ein stor trussel globalt, men lite undersøkt i norske farvatn, seier Løset. Sjølv fekk ho augo opp for problematikken under eit års studieopphald i Australia kor ho fokuserte på marinbiologi. Då blei ho samtidig interessert i dykking og fekk med eigne auger sett kva skadar som etterlatne reiskapar kan påføra livet i havet. 

– Tapte fiskereiskapar er ein av dei større bidragsytarane til verdas marine forsøplingsproblem. Dei blir dessutan sett på som ei kjelde til alvorlege biologiske og sosio-økonomiske problem over heile verda, seier Løset. Ho peikar på at moderne fiskeutstyr er produsert av ikkje-nedbrytbare syntetiske material og kan utgjera ein alvorleg trussel for det marine dyrelivet ved at det kan halda fram med få fiska sjølv om utstyret er tapt for fiskaren. 

DYKKARKLUBBAR GÅR FØRE
Løset forklarar at spøkelsesfiskeri oppstår når dyr viklar seg inn i garn eller blir fanga i teiner. 

– Det er i dag lite kunnskap om omfanget av reiskapstap og problem med spøkelsesfiske langs kysten. Dette skuldast i hovudsak at det er lite rapportering av slike hendingar. Det er dessutan krevjande å gjennomføra langsiktige studiar om temaet. 

I Norge har dette problemet fått auka merksemd gjennom eit prosjekt der lokale dykkarklubbar har bidratt til forsking ved å rydda og rapportera om tapte fiskereiskapar. 

Dykkarar har rapportert inn monalege mengder data om funn av tapte reiskapar langs Norskekysten i perioden 2015 – 2018. Dette utgjorde ein stor del av datagrunnlaget for Løset si masteroppgåve.

– Ved å analysera skjema som er utfylte av dykkarane, var målet for studien å undersøkja omfang og geografisk fordeling av tapte fiskereiskapar frå kystfisket i Norge, seier Ingrid Løset. I tillegg hadde ho som føremål i studien å laga eit estimat for fangstrate og fangstfordeling av spøkelsesfiske samt å vurdera kva verknader dette har på marine dyregrupper, med hovudfokus på europeisk hummar.

Vidare blei fangstraten modellert for å undersøkja om reiskapstypar og ulike miljøvariablar kunne påverka fangsten i spøkelsesfisket. 

Les mer i Maritimt Magasin nr 03-2020, i salg fra 19. mars.



Bladet distribueres gjennom Tidsam i Norge og Sverige. Kjøp bladet i nærmeste butikk eller bestill abonnement nå!
 
Finner du ikke bladet i hyllen? Si fra til betjeningen at Maritimt Magasin mangler! Antall utsalgsteder og blader i hyllen tilpasses etter etterspørsel. De fleste butikksjefer setter pris på tilbakemeldinger fra sine kunder, så ikke vær redd for å si fra.

 

INNHOLD

POLITIKK

Det skjer fortsatt altfor lite
Et nytt havbrukseventyr?
Best på opplæring til sjøs
En god løsning for iskanten
Best før?
Er landstrøm løsningen på det grønne skiftet?
Norske sjøfolk engasjerer

MARITIMT

Kjølstrekk for ferje til Brevik Fergeselskap
Ulykkesstatistikken
Dobler til Hirtsals
Tid for å søke Innovasjonsprisen

TEMA: HAVBRUK

– Markedet har aldri sett så lyst ut som nå
Utnyttelse av kvotene
Ny løsning for flytende solenergi
Spesialistene på rensefisktransport
Nytt liv for ombygde PSV-er
Bruker mindre legemidler
Bærekraftig oppdrett med sertifisering
Dyrevelferd i fokus
Nytt studium om operasjonsledelse
Ønsker oppdrett på sjøpølse – på land
Konkurransen om havarealene øker

DANISH MARTIME FAIR

Snart klar for Danish Maritime Fair

ERFAKONFERANSEN

Varierende utsikter
Nye krav – nye muligheter
– Helt ny type prosjekt for oss

ENOVAKONFERANSEN

Enova vil få fart på landstrømmen

CLEAN OCEAN CONFERENCE

Slår alarm om spøkelsefiske

MILJØ

Velger pris i stedet for sikker hugging

CRUISE

Mot rekordvekst for cruisetrafikken
Bygger havgående superyacht
Slutt for verdens eldste
Ultraluksus i norske fjorder
Retroskip til norskekysten
Kongsberg Maritime med stor leveranse til tre skip

VERFTSINDUSTRIEN

Forskningsskip i rute

HAUGESUNDKONFERANSEN

Color Line best på opplæring
Byggjer verdas første i betong
Fiskarlaget slåst mot havvindmøller
Heiderspris for uvurderleg innsats

HAV OG HAVN

Knutsen bygger to tankere for Nordsjøen
Enda et nybygg til Nergård
Tersan skal bygge alle fire
Første trimaran sjøsatt
DFDS med god fremgang til Kiel
Saga Subsea kjøper ROV-fartøy
Stor ABB-kontrakt
PMH Norway med nytt DP-system
Jens Kristian utrustes ferdig ved Stadyard
Linebåt får norsk design
Får den tredje
Første utslippsfrie offshoreskip
Bygger fire nye LNG-skip
Sølvtrans vil ha tre
Kleven tar over nybygg

ORDRELISTER

Ordreliste for norske rederi
Ordreliste for cruiserederi
Ordreliste for norske verft

LITT OM MYE

BÅTOMTALER

Tustna
Grip
Florøy
Ben Hur
Hevrøy
Setter
Fedjebjørn
Seingen
Mjåsund
Ruth
Frøygard
Frøy Neptun
Bjørn Martin
Kongsfjord
Salmar V
Lauvøy
Berle
Costa Smeralda
Sky Princess
Norwegian Encore

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Siste