Verdas største kranfartøy i Haugesund

Publisert: 07.05.2020 kl. 11.35 | Oppdatert: 09.07.2020 kl. 09.14
Sleipnir gjekk med 0,5 knops fart den siste distansen inn til Haugesund og det måtte skje på flo sjø. Likevel skal det ha vore berre eit par meters klaring framom undervasskjer og grunner. Foto: Øyvind Gravås/Bo B. Randulff
Sleipnir gjekk med 0,5 knops fart den siste distansen inn til Haugesund og det måtte skje på flo sjø. Likevel skal det ha vore berre eit par meters klaring framom undervasskjer og grunner. Foto: Øyvind Gravås/Bo B. Randulff

Giganten av eit kranfartøy, Sleipnir, med åtte bein, var nyleg på gjesting hos Aibel sitt verft i Haugesund.

Besøket varte i vel to timar. I løpet av den tida hadde kjempa svinga om bord ein “liten” byggjekloss på om lag 600 tonn. Dette løftet var knapt merkbart i den eine store krana, som kan løfta 10.000 tonn. Fartøyet er utstyrt med to slike kranar.

Medan løftet blei gjennomført frå kaia til Aibel sitt verft i Haugesund, låg Sleipnir om lag 70 meter frå land. Den lange kranbommen som har ei rekkevidde på inntil 140 meter, strekte seg innover kaia. 

BERRE VED FLO SJØ
– Kranfartøyet måtte liggja så vidt langt frå kai ettersom djupna nærast kailinja ikkje er stor nok, opplyser Frode Johan Saltvedt. Han er byggjeleiar for modulen som Sleipnir kom til Aibel sitt verft for å henta. Saltvedt fortel vidare om førebuingane til besøket av Sleipnir:

Ved innseglinga til Haugesund frå nord plasserte Aibel i samarbeid med Heerema ein transpondar på Trollholmen ved Vibrandsøy. I tillegg blei det sett opp ein transpondar 40 meter oppe på veggen til Aibel sin eigen verkstadhall Nordsjøhallen. Transpondarane skulle syta for at GPS-signala blei forsterka og dermed gi grunnlag for meir nøyaktig navigasjon mellom grunnar, holmar og skjær.

I ope farvatn skal dei som var på vakt på brua om bord i Sleipnir ha drive navigasjonsøvingar før dei nådde den meir utfordrande innseglinga.

– Det var truleg berre eit par meters klaring då Sleipnir i 0,5 knops fart seig framom undervasskjera ved Vibrandsøy, seier Saltvedt. Han legg til at denne ferda kunne berre gjennomførast på flo sjø. 

Les mer om Sleipnir i MM 05-2020 i salg fra 7. mai.



Bladet distribueres gjennom Tidsam i Norge og Sverige. Kjøp bladet i nærmeste butikk eller bestill abonnement nå!
 
Finner du ikke bladet i hyllen? Si fra til betjeningen at Maritimt Magasin mangler! Antall utsalgsteder og blader i hyllen tilpasses etter etterspørsel. De fleste butikksjefer setter pris på tilbakemeldinger fra sine kunder, så ikke vær redd for å si fra.

 

INNHOLD

POLITIKK

En spennende fremtid
Havvind er fremtiden
Må beholde optimismen
Viktig for forsyningssikkerheten
En ny næring i nord
Koronakrisen traff hardt

MARITIMT

Havfarm på vei til Norge
Vil vokse etter korona
Slutt for Sassnitz-ferjen
Fisker opp søppelet

MILJØ

Skal få utsleppsfrie hamner

OFFSHORE

Verdas største kranfartøy i Haugesund

CRUISE

Sesongen som forsvant

HAV OG HAVN

Kjempekontrakt til Røkkes USA-verft
Bygger med norsk utstyr
Skroter nordsjørigger
Vard bygger havvindfartøy

ORDRELISTER

Ordreliste for norske rederi
Ordreliste for cruiserederi
Ordreliste for norske verft

LITT OM MYE

BÅTOMTALER

Csaver
Smøla
Balder
Fjordjarl
Storholmen
Scombrus
Aqua Skilsøy
Seven Seas Splendour

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Siste