Fartøyvernet får 76 millionar i 2026

Publisert: 02.02.2026
unger vetlesen.jpg

G. Unger Vetlesen fekk tilskot i 2025  Foto: Arvid Bertelsen og Elin Bertelsen  

 

Tildelinga for 2026 er klar, og fartøyeigarane har søkt om i alt 426 millionar, fordelt på 165 søknadar. Det er ei auke på 18 millionar frå 2025.

7,5 millionar av årets løyving er alt lova bort som tilsagn i 2025. Dette gjer at det i 2026 blir delt ut rundt 69,8 millionar som tilskot. I tillegg til dette er det også satt av 3,6 millionar i tilsagn. Dette er midlar som kan brukast i 2027.

– Båtane og sjøfarten er ein viktig del av Noregs historie, både gjennom fiske, handel og marinen, seier Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

– Difor er det så viktig å ta vare på kulturarven langs kysten og kunnskapen den ber med seg. Ferjer langs kysten, dampskip, og fiskefartøy er og eit kjend og kjært syn for alle som bur og har vakse opp langs kysten, seier Bjelland Eriksen.

Støtta skal gå til eigarar og dei som forvaltar freda eller verna fartøy, og organisasjonar, foreiningar og prosjekt som opererer innanfor tilskotsordninga sitt føremål.

– Tilskota gjer at landkrabbar som meg, frå Grefsen i Oslo, framleis kan få sjansen til å setje sjøbein slik ein gjorde det for over 100 år sidan, seier riksantikvar Hanna Geiran.

– Fartøyvernet er tufta på frivillig innsats. Det ligg åresvis med arbeid bak kvar av båtane som får tilskot over denne ordninga, seier Geiran.

Kvart år deler Riksantikvaren ut tilskot til fartøyvern. Tilskotet blir fordelt av Riksantikvaren til landets fylkeskommunar og Sametinget som i neste omgang gjev tilskot til fartøya.

STORE BEHOV
Tradisjonelt har fartøyvernet hatt det største gapet mellom ramma for tilskotsordninga og den totale søknadssummen som kjem inn

For 2026 er det ei særs stor auke frå Telemark. Her har forvaltninga fått inn søknader på over 160 millionar aleine.

 – Det er tydeleg at det er store behov i fartøyvernet mange stader. Vi ser og at for fartøya som søkjer tilskot for å oppretthalde sertifikat er samla søknadssum gått opp frå rundt 58 millionar i 2025 til 102 millionar i 2026, seier Geiran. 

Sertifikata er viktig for formidling og opplevinga av fartøya som kulturminne, fordi det er knytt til fartøyas løyve og vilkår for drift.

EIT SPLEISELAG 
Fartøyvernet er godt forankra både regionalt og lokalt. Både fylkeskommunar og kommunar landet rundt bidreg med eigne midlar til fartøyvernet, og i tildelinga til fartøyvernet matchar Riksantikvaren det regionale og lokale tilskotet krone for krone.

Det tydar i klartekst at gjennom SAVOS-ordninga blir 17 millionar av det samla tilskotet frå Riksantikvaren satt av til dette spleiselaget. 

– Vi prioriterer og fartøy som ligg i dokk eller på slipp. Tanken er at desse fartøya ikkje bør ligge for lenge og ta opp dei få plassane som er tilgjengeleg, seier Geiran.  

– Framdrift i prosjekta er svært viktig for både dei mange frivillige og for fartøyvernsentra i Noreg, men òg for private verft der verna eller freda fartøy tek opp kapasitet, seier Geiran.

Tilskot frå post 74 skal ifølgje forskrifta prioriterast slik:

  • prosjekt som er sett i gang, eller tek opp slipp eller dokk, som følgje av tilskot frå kulturmiljøforvaltinga
  • fartøy som har pålegg som må gjennomførast for å halde på sertifikatet sitt
  • fartøy som er freda
  • fartøy og prosjekt med stor frivillig innsats

I den tragiske brannen ved Hardanger fartøyvernsenter fekk to verna fartøy, MS «Jøsenfjord» og MB «Tafjord», omfattande skadar. Tilskota frå Post 74 blir fordelt som normalt frå Riksantikvaren, og det er fylkeskommunen som fordeler til dei enkelte prosjekta.

 

Fylke

Søknadssum

Samlet tildeling med SAVOS

Agder 

kr 16 252 270,00

kr 3 600 000,00

Akershus

kr 14 486 459,00

kr 3 813 624,00

Buskerud

kr 3 633 560,00

kr 760 000,00

Finnmark

kr 4 251 713,00

kr 835 000,00

Innlandet

kr 8 079 733,00

kr 2 860 832,00

Møre og Romsdal

kr 12 740 011,00

kr 2 450 000,00

Nordland

kr 26 060 720,00

kr 5 960 000,00

Oslo

kr 13 231 607,00

kr 5 000 000,00

Rogaland

kr 46 135 467,00

kr 12 468 057,00

Sametinget

kr 2 354 655,00

kr 550 000,00

Telemark

kr 162 675 230,00

kr 8 500 000,00

Troms

kr 15 356 684,00

kr 1 215 000,00

Trøndelag

kr 24 032 154,00

kr 5 581 866,00

Vestfold

kr 7 190 575,00

kr 800 000,00

Vestland

kr 52 713 770,00

kr 13 029 995,00

Østfold

kr 16 503 545,00

kr 2 470 000,00

Samlet bevilgning fra Riksantikvaren

kr 425 698 153,00

kr 69 894 374,00

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com