Nyheter
Ny start for Brødrene Aa
Etter konkursen i Brødrene Aa har det blitt jobba kontinuerleg med å etablere ei ny verksemd ved verftet i Hyen.
Brødrene Aa Eiendom, Aa-familien sitt holdingselskap, har vore i forhandlingar med det finske konsernet Summa Defence dei siste månadane, men desse forhandlingane er no avslutta, går det fram av e pressemelding
Brødrene Aa Eiendom har difor på eiga hand etablert selskapet Brødrene Aa Hyen AS. Dette selskapet blir no oppkapitalisert og ein tar sikte på å starte opp igjen verftet i løpet av dei neste 2-3 vekene.
Vi er i tett samarbeid med kundar, leverandørar, bank, bustyre, og verkemiddelapparat – og er avhengige av å få avklaring på viktige detaljer for å kome vidare.
– Vi satsar på gradvis oppstart av aktivitetane og ei viktig forutsetning for at den nye drifta skal lukkast er at vi klarer å få med oss tidlegare tilsette med den unike erfaringa og kunnskapen dei har, seier Anstein Aa, styreleiar i Br Aa Eiendom AS
I Eikefjord har Brødrene Aa alt i sommar starta opp att aktivitet gjennom selskapet Eikefjord Slipp AS, der det sidan august har vore mellom 40 og 50 tilsette.