Nyheter
Ombygging av Olympic Notos fullført
Ferdigstillinga av Olympic Notos er ein ny milepåle for ettermarknadsaktivitetane ved Ulstein Verft og eit døme på korleis eksisterande fartøy kan utviklast for nye behov. Foto: Ulstein verft
Ombygginga av Olympic Notos er no fullført ved Ulstein Verft. Etter offshoretesting og siste justeringar er fartøyet snart klart for å starte i arbeid.
Prosjektet har omfatta utskifting av det eksisterande gangvegsystemet (Walk-to-Work / W2W) med ei spesialisert løysing utvikla for Yggdrasil-utbygginga på norsk sokkel, med støtte til operasjonar på Munin-plattforma.
– Dette prosjektet viser Olympic si evne til å gjennomføre komplekse modifikasjonar i tett samarbeid med kunden, verftet og sentrale leverandørar. Olympic Notos skal no gjennomgå offshoretesting og vil snart vere klar til å levere trygge og pålitelege W2W-operasjonar på norsk sokkel. Vi ser fram til å starte opp på Yggdrasil, seier Marius Bergseth, COO i Olympic.
Fartøyet er utstyrt med ein rørslekompensert gangveg. Det gjer at personellet kan bu om bord, samtidig som dei er sikra ein trygg og effektiv tilgang til offshoreinstallasjonar. Gangvegen fungerer også som ein viktig del av tryggingsoppsettet på feltet.
Ombygginga har kravd omfattande integrasjon av nye system og utstyr, gjennomført i tett samarbeid mellom Ulstein, Olympic og Aker BP.
Relaterte artikler
-
-
Høg aktivitet for Ulstein i 2024 [+]
04.07.2025 -
-
Olympic utvider flåten etter rekordår [+]
06.02.2025 -
Enda en ombygging for Green Yard Kleven [+]
30.01.2025 -
Nybyggingskontrakt for Green Yard Kleven [+]
14.10.2024 -
Olympic tar levering av Olympic Boreas [+]
26.07.2024 -
Kom fram til Ulstein Verft [+]
15.01.2024 -
Ny kontrakt på to CSOV-skip frå Ulstein [+]
06.07.2023 -
Havyard bygger hybrid PSV [+]
15.04.2014 -
Ulstein leverer ny Viking [+]
30.08.2012