Ordføraropprop for Stad skipstunnel

Publisert: 03.06.2026
Bildeillustrasjon-07A-Kjodepollen.jpg

Ordførarar langs kysten vil ha Stad Skipstunnel. Illustrasjon: Multiconsult / LINK Arkitektur

Noreg er eit langstrekt land med busetnad, næringsliv og verdiskaping langs heile kysten. Skal vi lukkast med nasjonal beredskap, grøn omstilling, trygg transport og utvikle verdiskapinga, treng vi ei heilskapleg satsing på infrastrukturen i heile landet, heiter det i eit opprop frå lang rekke ordførarar langs kysten..

I oppropet heiter det:

Vi som ordførarar meiner det er nødvendig å styrkje investeringane både i veg, luftfart og maritim infrastruktur. For ein kystnasjon som Noreg må òg sjøtransporten og infrastrukturen langs kysten prioriterast høgare i åra som kjem. Stad skipstunnel er eit prosjekt som representerer den nødvendige satsinga på kysten.

Prosjektet har gjennom mange år samla brei støtte frå sjøfartsorganisasjonar, maritim næring, fagmiljø og partane i arbeidslivet. Både LO og NHO har peika på behovet for investeringar som styrkjer tryggleik, regularitet, beredskap og konkurransekraft langs norskekysten. Den breie oppslutninga viser at Stad skipstunnel ikkje berre er eit regionalt prosjekt, men eit tiltak med nasjonal betydning.

Prosjektet har vore gjennom lang planlegging og behandling, og Stortinget vedtok ei kostnadsramme på 5,4 milliardar kroner i 2021. Anbodskonkurransen viser at konkurransen har hatt effekt, og ny ramme er 8,6 milliardar kroner (P85) og ei styringsramme på 8 milliardar kroner inkludert meirverdiavgift. Det er viktig at staten står ved dei forpliktingane og forventningane som er skapte overfor kommunar, innbyggjarar og næringsliv. Tilliten til nasjonale prioriteringar og politiske vedtak blir svekt dersom prosjekt som er vedtekne og klargjorde for gjennomføring, likevel blir sette på vent eller utsette over tid.

Vi meiner det er viktig at staten no følgjer opp dei ambisjonane som er uttrykte gjennom fleire år, og sikrar at Kystverket kan kåre ein vinnar og signere kontrakt.

Noreg treng investeringar som bind landet saman og styrkjer konkurransekrafta i heile landet. Då må også maritime satsingar og kystinfrastruktur få ein naturleg plass i dei nasjonale prioriteringane. Difor oppmodar vi regjering og Storting om å sikre vidare framdrift og finansiering av Stad skipstunnel som ein del av ei breiare og meir heilskapleg satsing på norsk infrastruktur og maritim framtid. Vi presiserer at Stad Skipstunell er eit prosjekt som ligg under Kystverket og er såleis ikkje i konkurranse med dei prioriterte vegprosjekta i regionen 

  •  Kenneth Langvatn (H), ordførar i Giske kommune
  • Therese J Moen (Sp), ordførar i Fjord kommune
  • Vebjørn Krogsæter (SP) ,ordførar i Haram kommune
  • Bernt Brandal (Folkelista), ordførar i Hareid kommune
  • Ann-Kathrin Storøy (H), ordførar i Herøy kommune
  • Einar Arve Nordang (H), ordførar i Stranda kommune
  • Dag Vaagen (H), ordførar i Sande kommune
  • Turid Humlen (H), ordførar i Sula kommune
  • Olav Harald Ulstein (Frp), ordførar i Sykkylven kommune
  • Stian Skorgen Scheide (H), ordførar i Ulstein kommune
  • Paul Sindre Vedeld (Sp), ordførar i Vanylven kommune
  • Randi Bergundhaugen (H), ordførar i Vestenes kommune
  • Sølvi Dimmen (Sp), ordførar i Volda kommune
  • Per Arne Sørheim (H), ordførar i Ørsta kommune
  • Håkon Lykkebø Strand (Frp), ordførar i Ålesund kommune
  • Anne Kristin Førde (Ap), ordførar i Bremanger kommune
  • Ole Andre Klausen (H), ordførar i Askvoll kommune
  • Bengt Solheim-Olsen (H),ordførar i Kinn kommune
  • Petter Sortland (Ap), ordførar i Høyanger kommune
  • Gunn M Åmdal (Sp), ordførar i Solund kommune
  • Leif Jarle Espedal (Ap), ordførar i Fjaler kommune
  • Per Kjøllesdal (SP), ordførar i Stryn kommune
  • Judith Kvåle (Ap), ordførar i Stad kommune
  • Jenny Følling (Sp), ordførar i Sunnfjord kommune
  • Anders Riise (H), fylkesordførar i Møre og Romsdal
  • Jon Askeland (SP), fylkesordførar i Vestland

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com