Nyheter
Stadt Naval prosjekt godkjent av Sjøforsvaret
Sjef Maritime Kapasitetar - FMA, Stein Håvard Bergstad (til venstre), og Stadt Gruppa sin daglege leiar, Hallvard Slettevoll (til høgre). Foto: Stadt
Dette innholdet er forbeholdt abonnenter
Abonner eller logg inn for å se innholdet
Forsvarsmateriell (FMA MARKAP) har no godkjent Stadt sitt forsknings- og utviklings-prosjekt knytt til teknologi for Marinen sine komande flåtefornyingsprogram, der ein har utforska avanserte variantar av dieselelektrisk framdrift.
FMA har vore ein sentral part i gjennomføring av målingar og verifiseringar av Stadt-teknologien.
Det norske Sjøforsvar og Kystvakt planlegg no 28 nye skip, der denne teknologien vert etterspurt.
LEIANDE NORSK SELSKAP
Stadt er eit leiande norsk selskap på dette området, med seks generasjonar av unikt eigen-utvikla AC-framdriftsteknologi for skip.
Som del av prosjektet vart fleire kritiske parameter testa og validerte, mellom anna.
-
Elektromagnetisk støy frå sinus AC-drift
-
Undervass støy
-
Magnetiske eigenskapar
-
Bruk av lette, uskjerma aluminiums straumkablar til framdrifta
-
Driftseffektivitet
-
Sjokkmotstand for Stadt AC-framdriftssystem for militære skip
VESENTLEGE FORDELER
Rapporten konkluderer med at denne norske teknologien gjev vesentlege fordelar for framtidige marinefartøy, og understrekar potensialet i avansert skipselektrifisering.