News
Olympic bestiller nybygg ved Kleven
Published: 13.01.2011
Olympic Shipping har stadfesta ei kontrakt med Kleven Maritime om levering av eit avansert fleirbruks plattformservicefarty, design MT 6015 frå Marin Teknikk. Fartyet skal byggast ved Kleven Verft i Ulsteinvik og leveringsdato er sett til 20. juni 2012.
Fartyet vert det andre av to like farty, der det første vart kontrahert i august 2010. Det er no ein opsjon til denne kontrakten som vert stadfesta.
Fartya representerer ein ny generasjon miljøvenlege og driftssikre plattformservicefarty, der det er lagt stor vekt på miljø, drivstofføkonomi og lastekapasitet både under og over dekk. Med lett isklasse (ICE C) vil fartyet vere eigna for nordområda, og avansert utstyr for oljeoppsamling (OIL REC - NOFO) vil auke attraktiviteten i marknaden. Dødvekta er på om lag 4 800 tonn, lengda 93,8 meter, breidda 20 meter og dekksarealet er på 1 060 m2. Fartyet har stor innreiing med plass til 60 personar og skroget er forsterka med lett isklasse (Ice C). MT 6015 blir bygd etter den nye SPS koden og inneheld innretningar som gjer fartyet svært eigna for ROV- og konstruksjonsoppdrag.
Kontraktane vil medføre store leveransar frå mange lokale leverandørar, mellom anna Hareid Elektriske Teknikk og Rolls-Royce Marine. Kontraktsverdien er på NOK 385 mill pr skip. Kleven Maritime har no ein ordrereserer på 10 skip til ein samla verdi på 2 mrd.
Related articles
-
Olympic utvider flåten etter rekordår
06.02.2025 -
-
Olympic tar levering av Olympic Boreas
26.07.2024 -
Kom fram til Ulstein Verft
15.01.2024 -
Olympic Bibby gir rederen tro på fremtiden
22.05.2015 -
Olympic bestiller hos Kleven
26.05.2014 -
Kleven bygger for Olympic
20.01.2014 -
Olympic skal ha nybygg fra Kleven
20.12.2012 -
Kleven sikra enda ei kontrakt med Olympic
15.06.2012 -
Eidesvik kontraherer hos Kleven Maritime
05.06.2012 -
Kleven bygger konstruksjonfartøy for Rem
24.04.2012 -
Myklebusthaug får nytt skip frå Kleven
22.11.2011 -
Olympic tar enda et nybygg fra Kleven
13.05.2011 -
Rem Offshore bygger nytt fartøy hos Kleven
02.05.2011 -
Eidesvik Offshore erklærer opsjon
30.11.2010 -
LNG-skip for Olympic Shipping fra STX
09.09.2010 -
Olympic har bestilt hos Kleven
02.09.2010