News
Ulstein-designa skip frå verft i Brasil
Published: 13.04.2016
Det nye Oceana-verftet i Itajai, Brasil, har levert sitt aller første nybygg, eit plattform forsyningsskip av PX105-designet frå Ulstein Group. Skipet blei levert til reiarlaget Oceana Offshore 30. mars 2016 og tok til på eit 6-årsoppdrag for Petrobras 1. april. Eit systerskip er også under bygging ved verftet, og er planlagt ferdigstilt innan utgangen av 2. kvartal i år.
I talen ved skipsdåpen i mars 2016, framheva verftsdirektør Paul Kempers kor godt skipet tek seg ut og det gode samarbeidet mellom Ulstein og verftet for å fullføre dette høg-kvalitetsskipet.
– Undervegs på prøveturen fekk eg fleire rapportar frå ingeniørane og kapteinen på dei gode resultata skipet gjorde på fart, drivstofforbruk og sjøeigenskapar, seier han. - Som følgje av erfaringane vi har samla oss frå bygginga av CBO Oceana, er eg overtydd om at byggeframdrifta for skip nummer to vil gå veldig radig.
PX105-designet er ein stor PSV som er veleigna for arbeid i den brasilianske oljeindustrien. Fartøya er 88,9 meter lange og 19 meter breie, og har innreiing for 23 personar. Med ei dødvekt på 4700 tonn tilfredsstiller dei Petrobras sine PSV4500-krav.