160 millionar EU-kroner til nullutsleppsskip

Publisert: 02.02.2023 kl. 09.00
Flytande organisk hydrogenberar (LOHC) gir ein sikker og effektiv måte å lagra og frakta store mengder grønt hydrogen på. Om bord på Edda Wind-skipet vil hydrogenet bli frigjort frå LOHC-olja og brukt som drivstoff til ei brenselcelle som gir framdrift til skipet med null CO2-utslepp. Den «tomme» LOHC-olja blir med tilbake til land for gjenbruk. Illustrasjon: Salt Ship Design
Flytande organisk hydrogenberar (LOHC) gir ein sikker og effektiv måte å lagra og frakta store mengder grønt hydrogen på. Om bord på Edda Wind-skipet vil hydrogenet bli frigjort frå LOHC-olja og brukt som drivstoff til ei brenselcelle som gir framdrift til skipet med null CO2-utslepp. Den «tomme» LOHC-olja blir med tilbake til land for gjenbruk. Illustrasjon: Salt Ship Design
Østensjø Rederi er blant dei 17 partnarane som utgjer det europeiske konsortiet bak Ship-aH2oy-prosjektet. Konsortiet får 15 millionar euro frå EU over fem år til å realisera det som kan akselerera overgangen til nullutsleppsoperasjonar for større skip og fartøy til havs.

– Dette viser at EU trur LOHC er ein teknologi som kan kutta utslepp frå skipsfarten. EU-støtta gjer at me får testa denne banebrytande teknologien om bord, og samtidig får me vist at maritime operasjonar for havvind kan gjerast utsleppsfritt. Prosjektet vil gjera det enklare å få fleire nullutsleppsskip med LOHC-løysingar på sjøen i framtida, seier Egil Arne Skare, Chief Project Officer i Østensjø Rederi.

Reiarlaget frå Haugesund er deleigar i Edda Wind som eig skipet som skal utstyrast med ny og miljøvenleg teknologi. Skipet er eit servicefartøy som skal utføra ulike operasjonar for havvindmarknaden.

TRYGT OG EFFEKTIVT
LOHC står for «liquid organic hydrogen carrier», som er hydrogen lagra i olje. Tyske Hydrogenious LOHC Technologies har utvikla løysingar som mettar ei olje med hydrogen. Ombord i skipet skal ei eining for hydrogenfrigjering henta ut att hydrogenet, og bruka det til å skapa energi til framdrift og varme om bord.

– Me er stolte av å få vera med på denne storsatsinga. LOHC gjer hydrogenet heilt trygt å frakta rundt og lagra om bord, noko som betrar tryggleiken for både mannskap og skip. Dette kan visa seg å vere ein «game changer» når det kjem til å ta i bruk hydrogen som eitt av framtidas drivstoff i den maritime næringa, seier general manager i Hydrogenious LOHC Maritime, Øystein Skår. 

Hydrogenious LOHC Maritime, eit selskap eigd av Østensjø Rederi og tyske Hydrogenious LOHC Technologies, utviklar eininga for hydrogenfriggjering som skal installerast om bord. Saman med ei høgtemperatur brenselcelle (SOFC) vil servicefartøyet få ein utsleppsfri straumproduksjon om bord med ein total kapasitet på rundt 1 megawatt.

Målet med prosjektet er å utvikla ein standardmodul som kan levera opptil 1 MW kontinuerleg effekt, og undesøka korleis modulen kan skalerast opp til effektar over 3 MW. Med ein eller fleire slike modular installert, kan det vera mogeleg for både desse skipa og større skip å segla heilt utsleppsfritt. I prosjektet er det med fleire reiarlag innanfor segment som passasjerferjer og godstransport.

– Når systemet om bord har brukt opp hydrogenet i olja, blir den hydrogentomme olja losa trygt tilbake i ein eigen avløpstank. Når skipet bunkrar, blir den oppbrukte olja skifta ut med hydrogenrik olje. LOHC kan mettast med hydrogen mange gongar, i egne prosessanlegg, forklarer Skår.

STORT SAMARBEID
Reiarlaga Østensjø og Edda Wind har stor tru på LOHC-teknologien. Dei klargjer heile den splitter nye flåten deira med havvindfartøy med plass til at hydrogenframdriftssystem heilt opp til 3 megawatt enkelt kan installerast i framtida. 

Maritime CleanTech har spelt ei sentral rolle i å få prosjektet på plass i samarbeid med dei andre partnarane, som kjem frå alle delar av den maritime verdikjeda.

- Dette prosjektet er eit godt eksempel på korleis samarbeid på tvers av industri og forsking er nøkkelen når me skal utvikla nye, grøne løysingar til skipsfarten. Me er glade for at EU nok ein gong ser til norsk maritim industri for å få demonstrert teknologiane som skal sikra grøn omstilling til sjøs. Dette prosjektet vil visa veg i korleis me kan nå utsleppsmåla i maritim sektor åra som kjem seier fungerande direktør i Maritime CleanTech, Håvard Tvedte.


Fakta: Ship-aH2oy 
  • Prosjektperiode: Januar 2023 - desember 2027 
  • Støtte frå EU: 15 millionar euro 
  • Partnarar: VTT, Edda Wind, Østensjø Rederi, Johannes Østensjø DY, Hydrogenious LOHC Maritime, Hydrogenious LOHC Technologies, Friedrich-Alexander-Universität Erlangen-Nürnberg, Siemens Energy, DNV Hellas, Engitec, Demokritos, Gondan, Deltamarin, Teknotherm, ANEK, National Technical University of Athens 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Relaterte artikler