Nok ein designkontrakt til Ulstein

Publisert: 08.04.2014 kl. 12.12 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
PX121H
PX121H


Golden Energy Offshore i Ålesund har inngått ein skipsbyggingsavtale med Nantong Rainbow Offshore & Engineering Equipments Co., Ltd (ROC) i Kina på bygging av to plattform-forsyningsfartøy (PSV-ar) av PX121H-designet frå Ulstein. Inkludert i kontrakten er også opsjonar på to fartøy. Dei to avtalte skipa er planlagt leverte frå verftet i første og andre kvartal 2016.

Desse aktuelle fartøya med PX121H-designet har eitt ekstra dekk i innreiing. Dei er 83,4 meter lange og 18 meter breie, og dødvekt (DWT) på 4.000 tonn. Skipa vil ha dei mest moderne løysingar for DP2 (dynamisk posisjonering), oljeoppsamling og nedkjemping av brann (fire-fighting). Skipa vert rekna som mellomstore PSV-ar og har eit dekksareal på om lag 850 kvadratmeter, og kapasitetar under dekk som er godt tilpassa dei operasjonane som skipa skal gjere. Skipa har plass til 30 personar, og vil bli bygde i samsvar med IMO sin SPS-kode (Special Purpose Ships). Skipa vil vere førebudde til å kunne installere ei AHC-kran (aktiv hiv-kompensert) med opp til 67 tonns kapasitet og eit mesanindekk for ROV (remotely operated vehicle – fjernstyrt miniubåt), noko som gjer at skipa enkelt kan bli tilpassa arbeid som IMR (Inspection, Maintenance, Repair), ROV-støtte, grøfting og lett konstruksjonsarbeid på havbotnen.

– Golden Energy Offshore er eit fullintegrert reiarlag som held til i Ålesund. Vi utfører sjølve all oppfølging av skipa og mannskapa våre, og vi ser fram til å gjennomføre og fullføre dette prosjektet saman med byggeverftet og med Ulstein. I tillegg til design, leverer Ulstein også ei vesentleg pakke som inkluderer utstyr, byggeoppfølging og igangsetting og testing av utstyr, noko som har vore ein utløysande faktor og eit vilkår frå oss for å kunne gå inn på denne fartøyserien. Der er også anna norsk utstyr om bord, mellom anna innreiing som blir levert frå og i samsvar med Norsk standard, seier Per Ivar Fagervoll, konsernsjef i Golden Energy Offshore.

– Vi er glade for å kunngjere denne kontrakten med Golden Energy Offshore  som er ein ny kunde for oss. PX121-design har vist seg å bli svært etterspurt på kort tid, og med desse skipa er det kontrahert 24 skip for sju ulike reiarlag, seier Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein.

– Vi vil også understreke at vi er svært glade for at eit lokalt reiarlag har valt vårt design- og pakkekonsept når dei no bestiller seg nye fartøy, og set stor pris på den tilliten dei viser oss med det. Vi har satsa i Kina over lang tid for å sikre kvalitet og leveringspresisjon for reiarar som vel å bygge der, seier Lars Ståle Skoge, sals- og marknadssjef i Ulstein Design & Solutions.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler