Nyheter
Kleven investerer 70 millioner i ny dokk
Publisert: 11.01.2012
Ca 70 millionar kroner koster dokka som Kleven Maritime no har sikra seg. Dokka skal til Myklebust Verft og dette er den største investeringa i Myklebust Verft si 97-årige historie.
– Dette er ei betydeleg satsing for konsernet, og eit sterkt signal om vår tru på fortsatt skipsbygging i Noreg, seier konsernsjef i Kleven Maritime, Ståle Rasmussen.
Den nye dokka har no blitt slept frå St. Petersburg, Russland, til Polen der den skal få utført oppgraderingsarbeid før ferda går vidare til Norge og Myklebust Verft i Gursken. Planlagt ankomst er medio april.
Dokka skal nyttast både til eigne nybygg og til vedlikehalds- og reparasjonsarbeid. Den er 170 meter lang, 40 meter brei og 18 meter djup, og har ein løfteevne på 15 000 tonn, noko som er omtrent det doble av dagens kapasitet på Myklebust Verft.
– Vi vil no ha mulegheit til å dokke båtar med ei lengd opptil 180 meter og ei bredde på 28 meter, noko som betyr at det vil opne seg mulegheiter i ein større marknad, seier Hans Kristian Opsal, plassjef ved Myklebust Verft.
Relaterte artikler
-
Ny offshore-kontrakt for Myklebust Verft
21.11.2024 -
Hurtigruten og Stordalen investerer i Kleven
08.09.2017 -
Vant storkontrakt på nye ferjer
09.06.2017 -
Hundre år med skipsbygging
03.07.2015 -
Tidenes største ordre til Vard
12.08.2013 -
Rekordresultat for Kleven
22.04.2013