Nyheter
Kleven investerer 70 millioner i ny dokk
                                            Publisert: 11.01.2012
                                        
                                    Ca 70 millionar kroner koster dokka som Kleven Maritime no har sikra seg. Dokka skal til Myklebust Verft og dette er den største investeringa i Myklebust Verft si 97-årige historie.
– Dette er ei betydeleg satsing for konsernet, og eit sterkt signal om vår tru på fortsatt skipsbygging i Noreg, seier konsernsjef i Kleven Maritime, Ståle Rasmussen.
Den nye dokka har no blitt slept frå St. Petersburg, Russland, til Polen der den skal få utført oppgraderingsarbeid før ferda går vidare til Norge og Myklebust Verft i Gursken. Planlagt ankomst er medio april.
Dokka skal nyttast både til eigne nybygg og til vedlikehalds- og reparasjonsarbeid. Den er 170 meter lang, 40 meter brei og 18 meter djup, og har ein løfteevne på 15 000 tonn, noko som er omtrent det doble av dagens kapasitet på Myklebust Verft.
– Vi vil no ha mulegheit til å dokke båtar med ei lengd opptil 180 meter og ei bredde på 28 meter, noko som betyr at det vil opne seg mulegheiter i ein større marknad, seier Hans Kristian Opsal, plassjef ved Myklebust Verft.
Relaterte artikler
- 
                                                            Ny offshore-kontrakt for Myklebust Verft21.11.2024
- 
    
- 
                                                            Nybyggingskontrakt for Green Yard Kleven14.10.2024
- 
    
- 
                                                            Styrkar lokalt eigarskap i Myklebust Verft31.08.2023
- 
                                                            Kjempekontrakt for Green Yard Kleven16.12.2020
- 
                                                            Solid resultat for Myklebust Verft22.04.2020
- 
                                                            Havyard 100 år16.11.2018
- 
                                                            Hurtigruten og Stordalen investerer i Kleven08.09.2017
- 
                                                            Vant storkontrakt på nye ferjer09.06.2017
- 
                                                            Rekordkontrakt til Mare Safety12.02.2016
- 
                                                            Hundre år med skipsbygging03.07.2015
- 
                                                            Svakare inntening trass rekordomsetning26.06.2015
- 
                                                            Ombyggingskontrakt til Myklebust Verft28.10.2014
- 
                                                            Rekordkontrakt for Kleven med Østensjø22.10.2013
- 
                                                            Tidenes største ordre til Vard12.08.2013
- 
                                                            Rekordresultat for Kleven22.04.2013
- 
                                                            Eidesvik kontraherer hos Kleven Maritime05.06.2012
